Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester

Sjukepleiar/Vernepleiar - 60 % vikar på natt

OmrådeEikelandsosen
Publisert27.6.2024
Søk senest25.8.2024

Om stillingen

Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ønskjer nye spennande utfordringar i eit godt arbeidsmiljø på natt? Då er kanskje dette jobben for deg!
Fusa bu og behandlingssenter (Fbbs) og heimetenester har ledig vikariat for sjukepleier/vernepleiar på natt. Nattevaktsteamet i eininga gir tenester til bebuarar på Fusa bu- og behandlingssenter og til heimebuande. Fbbs er ein heildøgnsinstitusjon med miljøavdelilng for personar med demens, buavdeling og korttids- /rehabiliteringsavdeling som også har tilknytt ØHD- plass. Fbbs har eige produksjonskjøkken og vaskeri. Heimestenesta er delt i avdelingane gruppe 1 Baldersheim, gruppe 2 Eikelandsosen og dagsenter. Gruppe 2 Eikelandsosen er med i eit innovasjonsprosjekt - "Heima Best" der eit av måla er å utvikle smarte og bærekraftige helse og omsorgstenester for å imøtekome framtida sine utfordringar.
Vi har ledig 60 % vikariat for sjukepleiar/vernepleiar i nattevaktsteamet frå 01.10.24 og om lag 1 år fram. Vikariatet er knytt til foreldrepermisjon for fast tilsett. Stillinga er i turnus, for tida med arbeid 3. kvar helg etter gjeldande avtalar

Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter (Fbbs) og heimetenester, nattevaktsteam

Arbeidsoppgåver

  • Utøve klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
  • Dokumentera helsehjelp i Profil
  • Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
  • Bidra til at interne og eksterne lover, relgar og prosedyrar vert følgt
  • Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
  • Bidra til godt samarbeid med brukar og pårørande
  • Ansvaleg for å halda seg fagleg oppdatert

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar, anna helsefagleg utdanning og lang erfaring kan bli vurdert
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
  • Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått "Bergenstest" (test i norsk - høgare nivå) 
  • Ønskeleg med erfaring og kompetanse innan heimesjukepleie
  • Vi gjer merksam på at du må legga fram politiattest

Personlege eigenskapar

  • Løysningsorientert med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Gode evner til observasjon og dokumentasjon
  • God evne til etisk refleksjon over eigen praksis
  • Bidra til godt arbeidsmiljø

Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Fokus på sjukepleiefaglege oppgåver til brukarar ved Fbbs og i heimetenestene
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema:Søk her

Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester

BedriftBjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Om bedriftenBjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Søk etter flere lignende stillinger