Sjukepleiarar ved Skodje omsorgssenter

OmrådeSkodje
Publisert6.12.2025
Søk senest14.12.2025

Om stillingen

Om stillinga

Skodje omsorgssenter har ledig to sjukepleiestillingar:

  • 1 x 85 % - Arbeid i todelt turnus dag /kveld og med arbeid kvar 3.helg.
  • 1 x 80 % - Arbeid i todelt turnus dag/kveld og med arbeid kvar 3. helg.

Verksemda har økonomisk rekrutteringstiltak for sjukepleiarar.

Skodje omsorgssenter har 27 sjukeheimsplasser fordelt på tre avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, to somatiske avdelingar med langtidsplassar, kortidsplassar og avlastning.

Skodje omsorgssenter har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle sjukepleiekompetansen din hos oss.

Skodje omsorgssenter er også ei klinisk utdanningsenhet (KLU-enhet). Dette innebærer eit tettare samarbeid mellom institusjonen og NTNU. Formålet med dette samarbeidet er å gi sjukepleiestudentar ein ekstra god læringsarena i praksis. Skodje Omsorgssenter er dermed ein god bidragsyter for utdanning av framtidige sjukepleiarar. Vi har flere sjukepleiarar med videreutdanning i praksisveiledning, og har god erfaring med veiledning i Svip-modellen.

Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping like i nærheita, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Skodje har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor osv.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:14.12.2025

Arbeidsgivar:Ålesund kommune

Stad:Skodje

Stillingstittel:Ledige sjukepleiarstillingar ved Skodje omsorgssenter

Stillingar:2

Heiltid / Deltid:Deltid

Tilsetjingsform:Fast

Webcruiter-ID:5033240944

Sosial deling :Del på X

Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at bebuarar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer.
  • Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen).
  • Legemiddelhandtering.
  • Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.
  • Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar.
  • Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell.
  • Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar.
  • Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen.


Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sykepleiar
  • Relevant erfaring er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
  • Beherske IKT-verktøy
  • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
  • Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
  • Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
  • Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen mm)


Personlege eigenskapar

  • Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren
  • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
  • Sjølvstendig og samarbeidsorientert
  • Ein god kollega som bidrar til eit godt arbeidsmiljø


Vi tilbyr

  • Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning
  • Løn og arbeidsvilkår etter tariff
  • KLP pensjonsordning
  • Har godkjent Bedriftshelsetjeneste


Adresse: Ådalsbakken, 6260 Skodje, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Marianne Brandal

Avdelingsleiar

Telefon: 917 86 893

E-post: [email protected]

Linn Evy Abelseth Søvik

Verksemdsleiar

Telefon: 906 84 106

E-post: [email protected]

Om arbeidsgivaren

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er "nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet".

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Ålesund Kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt