Christina Løtveit Fosse

Sjukepleiarar ved Ostertunet

OmrådeAlver
Publisert10.11.2025
Søk senest27.11.2025

Om stillingen

Om stillingane

Vi har ledig sjukepleiarstillingar  ved Ostertunet . Vi kan tilby 100% stilling, men er også open for anna stillingsprosent dersom du ønskjer dette. Stillingane inngår i turnusarbeid, med kvar  3 helg. Det er også mulilghet for langvakter på helg, eller langvaktsturnus med arbeid kvar 4 helg. 


Om avdelinga

Ostertunet består av 28 leiligheter med fast bemanning heile døgnet. 

Bebuarane som bur her har ulike behov for oppfølgning. 

Avdelinga jobbar tett saman med heimetenesta som har lokale i samme bygg. Vi prøver ut "sjukepleiar på topp" slik at ein som sjukepleiar har ansvar for sjukepleiaroppgaver for brukarar i omsorgsbustadane og heimebuande. 

Avdelingane har eigne einingsleiarar for omsorgsbustad pluss og heimetenesta 

Avdelinga består av flotte kollegaer: Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar, reinhaldsarbeidarar og kjøkkenpersonalet. Vi har også lærlingar og praksiskandidatar. 

Vi har eige nattpersonale ved avdelinga.


Arbeidsoppgåver

Som eit prøveprosjekt dei siste månadane har vi innført ordning med ansvarssjukepleiar på kveld og helg. Dette innebærer ansvar for beboerene i omsorgsboligenen samt heimebuande i Ostereidet distrikt. Her får ein som sjukepleiar ansvar for sjukepleiarfaglege oppgåver på tvers av avdelingane, noko som bidreg til auka kompetanse og nye utfordringar for tilsette.

På vakter utanom sjukepleiar på topp vil du inngå i bemanninga på Ostereidet og oppfølgning av den enkelte brukars behov. 


Kompetansekrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2– test

Kven er du?

Vi søkjer etter fagleg dyktige sjukepleiarar med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.


Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderand earbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus, med muligheter for langvaktsturnus.
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000 over garantiløn etter Hovudtariffavtalen


Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Christina Løtveit Fosse

BedriftChristina Løtveit Fosse

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

API Architect

Ponsse AS

Kongsvinger5.12. - 29.12.
Anbefalt