Jobbsafari
Høyanger kommune Kyrkjebø sjukeheim

Sjukepleiarar

OmrådeHøyanger
Publisert1.11.2024
Søk senest16.11.2024

Om stillingen

Kommunen har god grunnbemanning ved sjukeheimane der vi legg vekt på fagleg utvikling. Vi søker deg som er fagleg trygg og trivast med travle arbeidsdagar og som ynskjer å bli ein del av eit fagleg spennande og godt arbeidsmiljø. Vi er opptatt av kvalitet og fagutvikling med fokus på å gjere kvarandre gode. 

Vi har ledig heile faste stillingar ved insitusjonane Kyrkjebø og Høyanger sjukeheim.

Kyrkjebø sjukeheim: langtidsavdelingar for demens og somatikk.

Høyanger sjukeheim: avd. for korttids-/rehabiitering, langtidsavdelingar for demens og somatikk.

Institusjonane våre har årsturnus og vi legg til rette for langvakt om du ynskjer det. 

Arbeidsoppgaver

  • arbeid på legevaktsatelitt
  • utøve sjukepleiefaglige prosedyrer
  • vekentleg legevisitt med vår faste tilsynslege, der sjukepleiar har ansvar for å førebu, gjennomføre og følgje opp tiltak  etter legevisitt
  • legemiddelhåndtering, inkl adminintrere væskebehandling
  • utøve praktiske sjukepleiaroppgåver og observere tilstand og behov hjå brukar
  • være pådriver for kvalitet i tenesta
  • tverrfagleg samarbeide med kommunale instanser og spesialisthelsetenesta,   
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet CosDoc
  • veiledning av kollegaer og studentar

Kvalifikasjoner

  • autorisasjon som sjukepleiar
  • føremon med  vidareutdanning innan demensomsorg/ geriatri/lindrande behandling/ rehabilitering
  • erfaring frå liknande arbeid er ein føremon
  • god norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne

Personlige egenskaper

  • positiv, engasjert, fleksibel og har godt humør
  • jobber godt sjølvstendig, men liker også å arbeide i team
  • bidrar til eit godt miljø for pasienter, pårørande og kollegaer
  • tålmodig og trygg

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Kvifor søkje stilling hos oss?

  • Fast fulltidsstilling
  • Er du nyutdanna starter du på avlønning tilsvarande 8 års ansiennitet
  • 15 000,- i tillegg til tarifflønn ved 16 års ansiennitet
  • Rekrutteringstillegg ved arbeid turnus 20 000,-
  • Kompetansetillegg inntil 20 000,- for relevant vidareutdanning
  • Ved deltaking i legevaktsatelitt 12 000,- tillegg pr år
  • Fokus på fagutvikling der inkludering og kunnskapsdeling er viktig
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen er hjelpsam med å skaffe bustad
  • Dekking av flytteutgifter mot bindingstid

Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest.


Link til søknadsskjema: Søk her

Høyanger kommune Kyrkjebø sjukeheim

BedriftHøyanger kommune Kyrkjebø sjukeheim
Om bedriftenSjukeheimen har 24 einerom og 12 av desse er øyremerka brukarar med diagnosen aldersdemens.

Søk etter flere lignende stillinger