Sjukepleiarar - 2 faste 100% stillingar ledig 

OmrådeSlidre
Publisert19.3.2024
Søk senest31.8.2024

Om stillingen

Vestre Slidre kommune søkjer etter 2 sjukepleiarar, begge i 100 % fast stilling. Den eine er i heimetenesta og den andre er inne på helsetunet, med arbeid kvar 6 helg. Har du lyst til å bli ein del av laget vårt? Då er det berre å søke! Andre med relevant helsefagleg høgskuleutdanning kan også søke.

Kvar 6 . helg har sjukepleiar ansvar for helsetunet og heimetenesta. Sjukepleiar på helg har vakter der ein er fagansvarleg og tek sjukepleiaroppdrag, og ellers hjelper til ved behov. Det er 3-delt turnus, med nattevakter kun kvar 12. helg. Nattevaktshelga er kvilande, med faste og akutte oppdrag.

Det er ynskjeleg med oppstart frå dags dato.


Arbeidsoppgåver

  • Stell, pleie og veiledning
  • Pasientoppfuljing
  • Medikamentadministrasjon
  • Kartlegging og oppfuljing
  • Journalføring
  • Kontakt med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som off. godkjent sjukepleiar, eller anna offentleg godkjent helsefagleg høgskuleutdanning 
  • God vurderingskompetanse i forhold til eit klinisk blikk
  • Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
  • Gode datakunnskapar

    Dei som blir tilsette må kunne disponere eigen bil, mot skyssgodtgjersle etter regulativ.
    Det er krav om å levere politiattest. 

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner innad i avdelinga og på tvers av faggrupper
  • Fleksibel og løysingsorientert 
  • Må ha stor arbeidskapasitet
  • Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
  • Evne til å skape framdrift åleine, men og ilag med andre
  • Personleg egnaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø som er opptatt av det faglege 
  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
  • God pensjonsordning
  • Løn og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Arbeid i et nytt og flott helsetun

Kontaktinformasjon

Hanne Kårstad, Avdelingsleiar, +47 97592703

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 4784596411
Stillingsprosent: 100%
Fast

Vestre Slidre Kommune

BedriftVestre Slidre Kommune
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger