Jobbsafari
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Sjukepleiar / Vernepleiar

1 måneder siden
OmrådeOs
Søk senest18.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Tilrettelagte tenester ved avdeling Bjørnefjorden Bufellesskap, har ledig 100 % fast stilling.

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til barn og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne består av 8 bufellesskap og 2 dagsenter.
Bjørnefjorden bufellesskap ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjevtenester til 12 unge tenestemottakarar. 

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikra at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna bestå av medisinhandsaming og opplæring / veileiing av tilsette som skal gje medikament. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. 
Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.

Stillinga er i ordinær turnus med arbeidshelg 4.kvar helg.(langvakt på helg)

Kvalifikasjonar 
Vi søkjer deg som fortrinnsvis er sjukepleiar/vernepleiar.
Søkjarar med relevant helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på bachelornivå, og søkjarar med helsefagleg utdanning blir vurderte til stillinga på 70 %. Det er ønskjeleg med erfaring frå målretta miljøarbeid, med personar med nedatt funksjonsevne, men erfaring frå eldreomsorg eller psykisk helsearbeid vil også kunna vera relevant.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.  


Link til søknadsskjema:

Søk her

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

BedriftBjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger