Om stillingen
Pleie- og omsorgstenesta ved Valldal sjukeheim har ledig fast sjukepleiarstilling på 80 % natt.
Sjukeheimen er sentralt plassert i Valldal og er samlokalisert med heimetenesta i Valldal. Kommunen har i tillegg pleie- og omsorgseining i Stordal, omsorgsbolig Eidsdal, samt habiliteringsteneste i Valldal og Stordal. Vi arbeider med å bygge eit sterkt sjukepleiar- og helseteam i kommunen og vil ha deg med på laget. Har du lyst til å arbeide som sjukepleiar hos oss er du hjerteleg velkomen til å bli med på laget vårt. Vi er på jakt etter dyktige sjukepleiarar som ynskjer og har evne til å arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
Planlagt turnus i stillinga foreligg med konsentrert arbeidstid og mykje fri mellom arbeidsperiodene.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene omfattar grunnleggande faglege sjukepleiaroppgåver
- Ein vil jobbe med blant anna stell, medisinering, kvalitetsarbeid og utarbeiding av planar.
- Det vil vere varierande, utfordrande og lærerikt arbeide.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Må beherske godt norsk skriftleg og munnleg.
- Forutan faglege kvalitetar blir personlege eigenskapar vektlagt.
- Politiattest må leggjast fram ved tiltreding.
Personlege eigenskapar
- Er trygg, tydeleg og triveleg
- Visar respekt og omtanke for pasientar og kollegaer
- Er effektiv, fleksibel og løysingsorientert
- Vere serviceinnstilt og ha gode samarbeidsevne.
- Tar sjølvstendig ansvar og likar å jobbe i team.
- Har gode IKT- kunnskapar og kan tileigne deg fagsystem som til einkvar tid brukast i Fjord kommune.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse og trivlege arbeidskollegaer
- Godt og trygt arbeidsmiljø med fokus på meistring og kollegastøtte.
- Lønn etter avtale.
- Garantilønn lik 10 års ansiennitet for stillinger med krav om 3-årig U/H-utdanning (kr .
- Sjukepleiar med 16 års ansiennitet eller meir får 10 000 kr i tillegg på garantilønn.
- Gode pensjons- og forsikringsordingar gjennom KLP
- ca. 16% der 2 % trekkast frå lønn
- Sletting av studielån ved å vere folkeregistrert i kommunen vår - les meir HER
- Er behjelpeleg med å finne leilighet/husrom.
Kontaktinformasjon
Marit Øvrevoll, Leiar PLO Valldal, +47 41867970Arbeidsstad
Olavsgata 346210 VALLDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse, omsorg og velferd Fjord kommuneReferansenr.: 5038656280
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.02.2026
Søknadsfrist: 30.11.2025
Marit Øvrevoll
BedriftMarit Øvrevoll

