Helse Fonna Hf

Sjukepleiar i poliklinikk i Odda - dagtid og kvar 4. helg

Område

Odda

Publisert

8.4.2026

Søk senest

10.4.2026

Om stillingen

Om stillinga

Vil du ha ein jobb der du får følgje pasientar tett, bruke sjukepleiefaget på fleire område og samtidig ha ein kvardag som er lettare å få til å gå opp?

På kirurgisk og medisinsk poliklinikk i Odda får du ein arbeidsdag med fagleg variasjon, tett samarbeid og hovudsakleg dagarbeid. Du blir ein del av eit lite og stabilt fagmiljø der folk kjenner kvarandre godt, deler kunnskap og stiller opp for kvarandre. Her får du vere nær både pasientane og kollegaene dine - og du får ein arbeidsplass der du blir sett.

Hos oss får du ikkje berre møte ein fastsett plan - du får vere med og påverke kvardagen i teamet. Vi lyttar til innspel, testar ut gode løysingar i praksis og jobbar saman for å utvikle både rutinar og pasientforløp. Du får moglegheit til å fordjupe deg i fagområde duer interessert i.

Vi trur du kan trivast godt både hos oss og med livet i Odda og Ullensvang. Her er avstandane korte, det er lett å finne ro etter jobb, og mange opplever at balansen mellom arbeid og fritid blir ekstra god.

Har du spørsmål om stillinga, er du veldig velkomen til å ta kontakt for ein prat.

Send søknad i dag - vi gler oss til å høyre frå deg.

Oppstart etter avtale.

Kva går jobben ut på?

Du vil mellom anna:
  • Undersøkje og følgje opp kirurgiske og medisinske pasientar.
  • Jobbe med heimebaserte undersøkingar og medisinsk-teknisk utstyr.
  • Bidra innan fagområde som kardiologi, søvnapné, skadepoliklinikk og skopi.
  • Ha administrative oppgåver knytte til pasientforløp.
  • Rettleie studentar.
  • Delta i forbetringsarbeid og digital utvikling i avdelinga.

Du jobbar i hovudsak dagtid, med arbeid kvar 4. helg på sengepost.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar - gjerne med erfaring frå sjukehus.
  • Videreutdanning innan sår og kardiologi er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad .

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som møter pasientar på ein roleg og tydeleg måte, og som trivst når du får samarbeide med andre for å få dagen til å fungere godt.

Det er viktig at du:
  • samarbeider godt og bidreg positivt i teamet
  • held oversikt og jobbar ryddig
  • tek ansvar og ser kva som trengst
  • er oppteken av fag og vil utvikle deg vidare
  • har lyst til å bidra når vi forbetrar arbeidsmåtar og rutinar

Personlege eigenskapar vert vektlagde

Dette er arbeidsmiljøet vårt

Hos oss får du:
  • eit lite og stabilt fagmiljø med låg terskel for å be om hjelp
  • god og tilpassa opplæring
  • ein jobb som i hovudsak er på dagtid
  • kollegaer som deler kunnskap og erfaringar med kvarandre
  • høve til å bidra i forbetringsarbeid og digitalisering
  • hjelp til å skaffe bustad ved behov

Vi er stolte av arbeidsmiljøet vårt. Avdelinga vann arbeidsmiljøprisen i 2024, og i medarbeidarundersøkinga skårar vi svært høgt på støtte frå kollegaer, trivsel og opplæring. Hos oss får du ein arbeidsplass der folk blir verande. Ingen har slutta hos oss sidan 2011, bortsett frå ved pensjon - og det seier mykje om arbeidsmiljøet vårt.

Adresse: Sjukehusvegen 10, 5750 ODDA, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Kari Marie Tjelmeland

Avdelingsleiar

Telefon: +47 53651120

E-post: [email protected]

Anita Narheim

Funksjonsleiar

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .
Tilbake til toppen

Helse Fonna Hf

Bedrift

Helse Fonna Hf

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Odda

Lignende stillinger

Bartender - Clarion Hotel Oslo

Strawberry AS

Oslo20.4. - 18.5.
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS