Merete Gravdal

Sjukepleiar med fagansvar

OmrådeKvinnherad
Publisert2.10.2025
Søk senest19.10.2025

Om stillingen

Akuttpost Valen har ledig stilling for sjukepleiar med vidareutdanning der delar av stillinga er knytta til fagsjukepleiarfunksjon.

På Akuttpost Valen møter du pasientar i ein sårbar situasjon der dine faglege og menneskelege kvalitetar kan vere avgjerande. Er du ein sjukepleiar som ønsker å bidra med tryggleik, omsorg og fagleg kompetanse i eit tverrfagleg miljø? Då kan dette være jobben for deg.

Har du lyst til å utvikle deg, lære nytt og jobbe i eit inkluderande team som alltid set pasienten først.? 👉 Bli med oss – søk no!


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide målretta for å styrke fagutvikling i posten og vere rådgjevar for funksjonsleiar vedrørande fag og fagutvikling for alle faggrupper som arbeider i posten
  • Gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
  • Du deltek i miljøbehandlinga i eit team beståande av psykiater, psykolog, sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, helsefagarbeidar
  • Du vil få medansvar for å koordinere den miljøterapeutiske behandlinga i posten
  • Utforme behandlingsplanar
  • Gjennomføre strukturerte samtalar med pasientar i krise gjennom vårt behandlingstilbod "Krisepakke".

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon.
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus.
  • Gode datakunskapar og evne til å handtere digitale verktøy.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Kven er du?

Vi ser etter deg som har

  • evne til å arbeide sjølvstendig
  • evne til å halde framdrift i prosessar
  • ein positiv, engasjert og initiativrik framferd
  • god evne til å samarbeide
  • ein yddig og strukturert kvardag
  • gode kommunikasjonsevner
  • er tilpassingsdyktig og kan takle stressande situasjonar med ro og faglege haldningar

Kvifor skal du velje oss?

  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
  • Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs
  • Opplæring i terapeutisk møte med aggresjon og i behandlingstilbodet "Krisepakke"
  • God opplæring, internundervisning og rettleiing
  • Arbeidstid turnus med arbeid 3. kvar helg med 35,5 t/veke eller mulighet for langvakter 4.kvar helg med 37,5 t/veke

Kontaktinformasjon

Merete Gravdal, Funksjonsleiar, +47 53466474

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26
5451 VALEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5021493549
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.11.2025
Søknadsfrist: 19.10.2025

Merete Gravdal

BedriftMerete Gravdal

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai31.10. - 30.11.
Anbefalt