Jobbsafari

Sjukepleiar i pleie og omsorg - 100 % fast

2 måneder siden
OmrådeFyresdal
Søk senest10.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Sektor for helse og omsorg søker sjukepleiar i 100 % fast stilling til pleie og omsorg. Stillinga er ledig frå 01.04.2024.

I Fyresdal skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med <>-reforma og kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga. Målet er å syte for at alle innbyggarar som har behov for helse- og/eller omsorgstenester skal få naudsynt og kvalifisert helsehjelp som pleie, omsorg og praktisk bistand. Vi ynskjer å gje våre bebuarar eit så godt og individuelt tilbod med personsentrert omsorg som mogleg. Vi satsar også på viktigheita av god ernæring og eit variert tilbod om fysisk aktivitet, sansestimulering og miljøbehandling.

Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrar, rehabilitering og palliasjon.

Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode! Vi ynskjer DEG med på det laget!

Stillinga som sjukepleiar inneber:

  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Klinisk arbeid med pasientar, grunnleggande pleie og medisinsk oppfølging og behandling
  • Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar
  • Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus
  • Multidose- og generell legemiddelhandtering
  • Assistere lege på legevakt ved behov

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  1. års sjukepleiarstudentar og sjukepleiarar med vidareutdanning er også velkomne til å søke!

Vernepleiarar kan gjerne også søke, og kan bli vurderte i prosessen.

Vi søker ein person som:

  • Har fagleg dyktigheit
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Er utviklingsorientert, handlekraftig, tilpassingsdyktig og fleksibel
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Likar utfordringar.
  • Har brukar i fokus
  • Har stor arbeidskapasitet
  • Er ansvarsfull og stabil
  • Har gode digitale ferdigheiter
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr:

  • Årsturnus, med moglegheit til å påverke eigen turnus
  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • Løn etter avtale (16 års ansiennitet)
  • Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
  • Barnehageplass frå dag ein i kommunen

Tilsettingsvilkår:
• Tilsetting og løn i samsvar med gjeldande lovar, reglar og avtaleverk.
• Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest av ny dato.
• Den som blir tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
• Søkarar utanfor EØS-området må ha arbeids- og opphaldsløyve.

Kontaktperson ved spørsmål:
Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til avdelingsleiar pleie- og omsorgssenter (POS), Gry S. Åmlid, på [email protected] eller 90 77 08 30.

Søknadsfrist:
Søknadsfrist for stillinga er 10.03.2024.

Velkomen som søkar!

Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring. Attester og vitnemål vil bli etterspurt ved behov. Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Fyresdal Kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger