Gabrielle Leah Dickson

Sjukepleiar? Hos oss får du bruke både hovud og hjarte

Område

Haugesund

Publisert

5.3.2026

Søk senest

19.3.2026

Om stillingen

Vil du gjere ein forskjell for barn og unge som treng oss aller mest? 🌼

Her på BUP møter du barn og ungdom i krevjande livssituasjonar, og du spelar ei viktig rolle i å skape struktur, tryggleik og håp i kvardagen deira.

Vi søkjer deg som vil vere med på laget vårt ved BUP døgnpost, som er delt inn i to fløyer: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år. Døgnposten har akuttfunksjonar og betener heile Helse Fonna-regionen. Les meir om oss her:  https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/

Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer. Vi veit at god behandling krev meir enn rett metode - det krev også varme, tålmod og evne til å sjå kvar enkelt. Hos oss blir du del av eit engasjert tverrfagleg team som støttar kvarandre, deler kunnskap og samarbeider tett med både familie og nettverk rundt pasientane.

Eininga er i gang med å implementere Blakstadmodellen for grunnleggjande miljøbehandling, og arbeider systematisk for å byggje ein felles fagleg praksis. Vi legg stor vekt på recovery-orientert tilnærming og ser etter ein sjukepleiar som ønskjer å vere ein del av dette fagmiljøet.

Vil du vite meir? Ring oss gjerne for ein uforpliktande prat. 👉 Søk no - vi ser fram til å høyre frå deg!

Oppstart etter avtale.


Kva går jobben ut på?

  • Tryggleik og tett oppfølging av pasientar som er innlagde.
  • Medverke i utgreiing og behandling saman med lege og psykolog.
  • Aktiv deltaking i tverrfagleg samarbeid og teammøte.
  • Vere ein del av beredskap ved akutte situasjonar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Du må ha autorisasjon som sjukepleiar.
  • Ønskjeleg med erfaring frå psykisk helsevern og barn og ungdom  - gjerne med vidareutdanning innan feltet. 
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • tar ansvar og er trygg i rolla di.
  • er til stades for pasienten.
  • har evne til å snu deg raskt når dagen ikkje blir som planlagt.
  • er ein lagspelar og bidreg til eit trygt miljø.

Personlege eigenskapar som passar godt i møte med barn, unge og familiar vil bli vektlagd.

Kvifor skal du velje oss?

 Hos oss får du:

  • God opplæring og blir tatt godt imot.
  • Bruke deg sjølv - både som fagperson og medmenneske.
  • Høgt fagleg nivå.
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst, medlemsskap i pensjonsordning, 2 % pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

Kontaktinformasjon

Georg Walter Reinhardt, Avdelingsleiar, 52732850
Marit Elise Lier, Funksjonsleiar, 52732850
Lene Elisabeth Nordtveit, Sekretær, 52732850
Gabrielle Leah Dickson, Konsulent, 52732850, [email protected]

Arbeidsstad

Vinjes gate 10
5522 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5089121904
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 19.03.2026

Tilbake til toppen

Gabrielle Leah Dickson

Bedrift

Gabrielle Leah Dickson

Søk etter flere lignende stillinger

HaugesundHelse og sosial

Lignende stillinger

Kopier – Barona AS søker elektrikere

Barona

Drammen20.4. - inntil videre
Ny
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS