Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune

Sjukepleiar eller Vernepleiar langvaktturnus

Område

Gloppen

Publisert

3.6.2025

Søk senest

21.6.2025

Om stillingen

I avdeling Åsateigen har vi ledig 100% fast stilling i langvaktturnus for deg som er sjukepleiar eller vernepleiar. 

På grunn av auka behov for tenester er vi no på utkikk etter ein ny medarbeidar. Vi treng deg som ser heile menneske, som har fokus på å skape gode og meiningsfulle kvardagar med fokus på løysingar og ikkje problem.  Som tilsett hjå oss skal du bidra til at bebuarane får eit godt og forsvarleg tilbod heile døgnet. Du vil få ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få opplæring og høve til å bidra aktivt inn i det miljøterapeutiske arbeidet. 
Stillingane er lagt til avdeling Åsateigen som gjev tenester til mennesker med nedsatt funksjonsevne.  Personalet har personaldel i tilknytning til leilegheitene til bebuarane. Ein er 1:1 på dag og kveld, og turnusen er organisert i langvakter med arbeid kvar fjerde helg. 


Arbeidsoppgåver

Brukaren i fokus; 

  • Kartlegginsarbeid for å sikre gode tenester
  • Ansvar for legemiddelhandtering
  • Sikre at gjeldande lovverk, og vedtak blir følgde
  • Ansvar for koordinering og oppfølging av ansvarsgrupper
  • Samarbeide med tverrfaglege instansar og pårørande
  • Målretta miljøterapi
  • Planlegg, gjennomføre og evaluere miljøterapeutiske tiltak
  • Journalføring

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar eller vernepleiar
  • 3-årig høgskuleutdanning inna helse. 
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Ynskjerleg med erfaring innan målgruppa, men ikkje eit krav
  • Gode ikt kunnskap for å bruke fagprogram og nytte digital opplæring
  • førarkort klasse B
  • personlege eigenskapar vektast høgt


Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer etter medarbeidarar som har eit sterkt engasjement for denne brukargruppa, og som kan arbeide sjølvstendig, har pågangsmot og er fleksibel
  • Du har godt humør, god omsorgsevne og flink til å bygge relasjonar
  • Du er pådrivar for å skape ei god teneste og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
  • Du er initiativrik lagspelar som balanserer oppgåvene godt.
  • Du har evne til å skaffe deg oversikt og jobbe strukturert og planmessig.
  • Du er ansvarsbevisst og kan ta sjølvstendige avgjerslar

Personleg eignaheit vil bli vektlagt i stor grad

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull og spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • At du får påverke og bidra aktivt i å skape ei fagleg utvikling innan det miljøterapeutiske arbeidet
  • Engasjerte og kvalifiserte kollegaer
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • For tilsetting gjeld ei gjensidig prøvetid på seks månadar
  • Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding
  • Langvaktturnus, med arbeid kvar 4 helg.

Alle stillingar har 6 mnd prøvetid. Det må leverast politiattest ved tiltreding.

Kontaktinformasjon

Ann Iren Festervoll, Tenesteleiar Busetting og integrering

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4978098809
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2025

Tilbake til toppen

Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune

Bedrift

Miljøarbeidertenesta, Gloppen kommune

Om bedriften

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

Søk etter flere lignende stillinger

GloppenHelse og sosial

Lignende stillinger

Accountant

Ikm Gruppen AS

Stavanger8.5. - 31.5.
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS