Bjørg Bø McDowell

Sjukepleiar eller vernepleiar

OmrådeTime
Publisert5.1.2026
Søk senest18.1.2026

Om stillingen

På jakt etter ein jobb med store variasjoner i arbeidsoppgåver? Søk jobb i Røyrvika omsorgsbolig.
Me har ledig fast 100 % stilling i turnus med arbeid kvar 3.helg  (dag/kveld) eller kvar 4.helg med
langvakter for sjukepleiar eller vernepleiar. Oppstart etter avtale.

Røyrvika har 22 samlokaliserte omsorgsbustadar. Det er to personalbasar. Røyrvika er organisert under
avdelinga Psykisk helse og rusarbeid. Røyrvika har bebuarar med ulike ressursar og utfordringar, og me gjev
tenestar til brukarar med ulike fysiske og psykiske hjelpebehov. Fleire har samansette helsebehov og
mange fagområde bidreg for å sikra gode helse- og omsorgsteneser.
Røyrvika har per dag dato ca. 30 årsverk fordelt på ca. 60 tilsette.




Arbeidsoppgåver

- Bidra til å sikra forsvarlege pleie- og omsorgtenester, og at oppgåver vert utførte i tråd med kvalitetskrav
og lovverk
- Ansvarsvakt
- Primær/sekundæransvar
- Sikra eit godt samarbeid med fastlegar, spesialisthelsetenesta og andre samarbeidsparter
- Ansvar for legemiddelhandtering
- Yta nødvendig helsehjelp og praktiske oppgåver
- Bidra til fagleg utvikling av tenesta
- Sjå behov for utvikling og endring hos brukarane
- Fagleg rettleiing av tilsette og studentar
- Fagleg kompetanseheving og utvikling
- Skapa tryggheit og gode relasjonar
- Dokumentasjon etter lovverk og interne rutinar, Profil.

Kvalifikasjonar

- God munnleg og skriftleg norsk
- Erfaring frå psykisk helsearbeid er ønskeleg
- Er interessert i ny lærdom og er engasjert i faget ditt
- Er fleksibel og ansvarsbevisst
- Me legg vekt på personlege eigenskapar og evna til samarbeid på tvers av faggrupper til det beste for
beboaren
- Det er krav om politiattest og norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vera engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Kontaktinformasjon

Bjørg Bø McDowell, Avdelingsleiar, +47 95818646

Arbeidsstad

Røyrvika 3a
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5057871758
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.01.2026

Bjørg Bø McDowell

BedriftBjørg Bø McDowell

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Get Paid to Annotate Native-Language Text Data

Oneforma

Norge11.2. - 11.3.
Anbefalt