Jobbsafari
Haram omsorgstenester

Sjukepleiar Eidet Omsorgssenter

21 dager siden
OmrådeTennfjord
Søk senest29.9.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Haram kommune søker etter sjukepleiarar i henholdsvis 100% og 80% fast stilling, for tida ved Eidet Omsorgssenter i Tennfjord. 100%-stilling er for tida i turnus med langvakter på 12,5 t og arbeid kvar 4. helg. Det er 1 t kviletid og 30 min matpause i lagt denne arbeidstida. 80%-stilling er for tida i turnus med arbeid på dag/kveld og 3. kvar helg. Eidet Omsorgssenter har base i eit fint og moderne lokale, og ligger sentralt til med ca 20 min køyring frå Moa.

Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legger til rette for at våre tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenestar. I 2021 vann Haram Omsorgssenter arbeidsmiljøprisen i Ålesund kommune i lag med Ytre Haram heimeteneste.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver.
  • Omsorg og oppfølging av sjukeheimspasientar på langtidsavdeling og korttidsavdeling.
  • Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
  • Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
  • Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie.
  • Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt.
  • Gode norskferdigheter munnleg og skriftleg.
  • Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.

Personlege eigenskapar

  • I Haram kommune ynskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Godt humør og positiv framtoning.
  • Lojalitet mot arbeidsplass og kollegaer
  • Eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.

Vi tilbyr

  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
  • Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
  • Løn etter tariff.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Ingrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, [email protected]


Arbeidsstad

Trolldalssletta 12


6264 Tennfjord


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4856446674


Stillingsprosent: 100, 80%


Fast


Søknadsfrist: 29.09.2024



Haram omsorgstenester

BedriftHaram omsorgstenester
Om bedriften

Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund

Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Søk etter flere lignende stillinger