Jobbsafari
Auge Poliklinikk Molde, Helse Møre og Romsdal HF

Sjukepleiar

7 måneder siden
OmrådeMolde
Søk senest11.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Vi søkjer ein ny kollega i 100% fast stilling, dagtidsarbeid! Vi søkjer deg som er interessert i det kirurgiske faget.

Sjukepleiarane i poliklinikken har i dag mange spennande og ulike arbeidsoppgåver, med høg turnover av pasientar.
Nokre av arbeidsoppgåvene som sjukepleiar hos oss er:

  • Sette intravitreale injeksjonar og assistere ved injeksjonspoliklinikk. Les meir om det her
  • Koordinerande sjukepleiar ved kataraktkirurgi
  • Pre- og postoperativ sjukepleie for pasientar som skal operere for katarakt/glaukom
  • Diagnostiske forundersøkingar ved bruk av medisinteknisk utstyr
  • Oct, fundusfotografering, synsfeltundersøking, autorefraktor- og IOL-målingar
  • Legemiddelhandtering, angiografi

Arbeidsstad er pr dags dato ved Molde sjukehus, men eit nytt sjukehus byggjast på Hjelset, og vi vil ta i bruk heilt nye arbeidslokale frå våren 2025.

Høyrast dette ut som noko for deg? Har du godt humør, gode samarbeidsevner, er initiativrik, strukturert og målbevisst? Ja, då er nettopp du den vi søkjer. Forventa oppstart er snarast mogeleg.

Ved intern tilsetjing vil andre stillingsbrøkar vere ledig, spesifiser i søknad om du kan vere interessert i det. Eit ønske om lavere stillingsprosent kan også diskuteres.
Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.


Arbeidsoppgåver

  • Diagnostiske forundersøkingar
  • Injeksjonspoliklinikk (med eigen plan for opplæring)
  • Pre- og postoperativ sjukepleie til kataraktpasientar
  • Assistere på operasjonsstua ved kataraktoperasjonar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Flytande norsk, munnleg og skriftleg
  • Beherske IKT-verktøy
  • Opptatt av kompetanseheving og fageleg utvikling
  • Det er ønskjeleg med erfaring innan auge-fag og/eller kirurgiske fag, men dette er ikkje naudsynt

Personlege eigenskapar

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Er positiv, har godt humør, har engasjement og interesse for faget og er med på å bidra til eit godt samarbeid
  • Gode kommunikasjonskunnskaper
  • Strukturert og ryddig
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • God informasjon og opplæring med eigen plan for opplæring i injeksjonsbehandling
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Eit godt og trivelig arbeidsmiljø i stadig utvikling
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader.Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kontaktinformasjon

Marina Elnes, Seksjonsleiar, 40457767, [email protected]


Arbeidssted

Parkveien 84


6412 MOLDE


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4773378792


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 11.03.2024



Auge Poliklinikk Molde, Helse Møre og Romsdal HF

BedriftAuge Poliklinikk Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger