Helse Møre Og Romsdal Hf

Sjukepleiar

Område

Ålesund

Publisert

2.10.2026

Søk senest

14.10.2026

Om stillingen

Om stillinga

Medisinsk avdeling Ålesund har ledig ei kombinert 100% midlertidig stilling med varigheit på eitt år. Stillinga er knytt til Medisinsk poliklinikk, f.t. Infusjonspoliklinikken, og Medisinsk sengepost 2. 20 % av stillinga er ved Infusjonspoliklinikken og 80 % av stillinga er ved Medisinsk sengepost 2 med arbeid 3.kvar helg.

Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar.

Medisin 2 er ein heildøgns sengepost med 24 senger, der ein gir medisinsk behandling og pleie primært til pasientar med sjukdommar innan nefrologi, endokrinologi, infeksjon og gastroenterologi. Vi tar i tillegg imot pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar. Sjekk ut Instagram: medisin2_hmr

Ved Infusjonspoliklinikken gir ein infusjonar og injeksjonar til pasientar med hovudsakleg gastroenterologiske og revmatologiske sjukdomar, men også andre fagfelt tilviser pasientar til infusjonspoliklinikken.

Vi tilbyr deg som sjukepleiar ein spennande og givande arbeidskvardag, med eit bredt spekter innanfor sjukepleiarfaget, fordelt på poliklinikk og sengepost. Stillinga er ledig frå snarleg for opplæring. Vi har fokus på helsefremjande turnus med minst mulig A/D vaktbelastning.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

14.10.2026

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stad:

Ålesund

Stillingstittel:

Sjukepleiar

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Vikariat

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

5183758376

Startdato:

19.10.2026

Sluttdato:

17.10.2027

Sosial deling :

Del på X

Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

Ved poliklinikk:
  • Organisere behandlingstimar for pasientar
  • Bestille blodprøver, og følgje opp blodprøvesvar i samråd med lege
  • Gå gjennom kontrollskjema med pasientar før infusjon
  • Blande og administrere medikament etter prosedyre
  • Dokumentere i elektronisk pasientjournal
  • Fellesoppgåver

Ved sengepost:
  • Observasjon og behandling av pasientar i akutt sjukdomsfase og kroniske forløp
  • Dekke pasientens grunnleggjande behov
  • Førebygging av komplikasjonar og ivaretakelse av pasientsikkerheit
  • Gi forsvarleg medisinsk behandling og sjukepleie
  • Utøvelse av god omsorg til pasient og pårørande
  • Delta i seksjonens fellesoppgåver
  • Koordinere tenester i pasientbehandlinga både internt og eksternt
  • Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
  • Studentrettleiing

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskelig med kjennskap til fagområda
  • For den midlertidige stillinga ved infusjonspoliklinikken må du har arbeidd klinisk i somatikken dei siste 2 åra
  • Du er tydeleg og fagleg sterk
  • Gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg B2

Personlege eigenskapar

  • Du evner å arbeide fleksibelt og i eit høgt tempo
  • Du er motivert for varierte arbeidsoppgåver
  • Du ønskjer å utvikle deg fagleg
  • Du er positiv og stolt av sjukepleiaryrket
  • Du har engasjement for pasientane og fagfeltet
  • Du er lærevillig, strukturert og evner å jobbe sjølvstendig
  • Du har gode samarbeidsevner, er reflektert og tilpasningsdyktig
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er teamorientert

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Adresse: Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Ann-Helen Tryggestad Arthur

Seksjonsleiar, Medisinsk poliklinikk

Telefon: +47 70105742

E-post: [email protected]

Marthe Louise Rekdal Farstad

Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost 2

Telefon: 70105792

E-post: [email protected]

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Tilbake til toppen

Helse Møre Og Romsdal Hf

Bedrift

Helse Møre Og Romsdal Hf

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Ålesund

Lignende stillinger

Servicetekniker til vindindustrien – bli med på det grønne skiftet!

Nordex Finland

Fjaler・5.10. - 2.11.

Chef

Strawberry AS

Kongsberg・16.10. - 14.11.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS