Jobbsafari
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune

Sjukepleiar

1 måneder siden
OmrådeSandane
Søk senest24.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Er du den vi ser etter så har vi ei ledig 100% fast sjukepleiar stilling i turnus, for tida i avdeling Oreteigen, med søknadsfrist 24.03.24

Oreteigen er ei bueining med 28 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning,
Vi er eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar/ pleiemedarbeidarar. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp, som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt.

Våre verdier er:Respekt, Kunnskap og Omsorg



Arbeidsoppgåver

  • Utføre heilheitleg og personorientert pleie og omsorg til pasientane.
  • Gje individuell tilpassa teneste til pasienten i samhandling med resten av personalgruppa
  • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse.
  • Opplæringsansvar overfor medarbeidarar / studentar 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • God norskkunnskap både  skriftleg og muntleg
  • Har god og generell IKT- kunnskap og kan tileigne deg fagsystem som blir brukt i kommunen 

Personlege eigenskapar

  • Ein trygg og stabil medarbeidar, med sunne verdiar og haldningar
  • Er ansvarsbevisst, lojal og fleksibel
  • Ser sjukepleiarrolla i samspel med andre kollegaer i eininga og er trygg i ansvarsrolla for pasientane.
  • Har gode kommunikasjonsferdigheiter og er løysningorientert
  • Trives med endringar og nytenking
  • Gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta i ein hektisk kvardag
  • Ynskjeleg med erfaring frå sjukehus/ institusjon i kommunen

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø, der ein ser, lytter og støtter kvarandre.
  • Kollegaer som er opptekne av kunnskapsdeling og etisk refleksjon
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding

Kontaktinformasjon

Iren Knutsen Utheim, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 917 03 443


Eva Kristin Rønnekleiv, Avdelingsleiar Oreteigen, 917 32 527


Arbeidsstad



Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune



Referansenr.: 4777659969


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 24.03.2024



Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune

BedriftBu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Om bedriften

Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.


Gloppen har god barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikkommune.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger