Om stillingen
Folgefonn DPS er ein del av Klinikk for psykisk helsevern ved Helse Fonna HF. Institusjonen tar seg av dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i Kvinnherad og Ullensvang. Med eit samla befolkningsgrunnlag på om lag 20 000 vaksne innbyggjarar, strekkjer ansvaret seg vidt.
I dag rår Folgefonn DPS over 12 døgnplassar, fordelt på team for psykosebehandling og allmennpsykiatrisk behandling på Valen.
Vi ønskjer no å tilsetje ein sykepleier som kan styrkje vår kapasitet til å yte omsorg og fagleg støtte i eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø!
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutiske oppgåver
- Oppfølging av pasienten individuellt i høve psykiske og somatiske utfordringar
- Kontakt med pårørende
- Tverrfaglig samarbeid
- Dokumentasjon og oppfølging av behandlingsplaner
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar med norsk autorisasjon
- Brei sjukepleiefagleg erfaring frå psykisk - og somatisk helseteneste
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du
- har god evne til samarbeid og kommunikasjon
- trivast i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Turnus arbeid med arbeidshelg kvar 5. helg - arbeidshelg består av 12 timarsvakter
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Tove Ødegard, Funksjonsleiar, +47 53466481Arbeidsstad
Sjukehusvegen 265451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4808123973
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.05.2024
Døgnpost Folgefonn DPS, Helse Fonna HF
For å bli betre kjend med oss, kan du sjåwww.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne påFacebook.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
New opportunities for IT Professionals at Ponsse!
Kongsvinger - Ponsse AS - Publisert 20.5.2025Mystery Shopper
Norge - Helion Research - Publisert 20.5.2025Licensed Helicopter Engineer B1.3
Data Center Engineer
Skien - Google Norway AS - Publisert 7.5.2025Data Center Facilities Technician
Skien - Google Norway AS - Publisert 7.5.2025Cutters søker etter frisører til Oslo
Oslo - Cutters AS - Publisert 29.4.2025