Jobbsafari
Kvinnherad kommune Rosendalstunet

Sjukepleiar 100% fast stilling - Rosendalstunet

OmrådeKvinnherad
Publisert12.12.2024
Søk senest4.1.2025

Om stillingen

Vi søkjer sjukepleiar i 100 % fast stilling til korttid/rehabiliteringsavdeling.

Er du ein sjukepleiar med hjarte for eldreomsorg og har lyst til å bli ein del av vår flotte gjeng med kompetente fagfolk? Vi søker deg som brenn for profesjonell og verdig eldreomsorg, og som har  ei særskild interesse for geriatrisk sjukepleie. Rosendalstunet er lokalisert i Rosendal i vakre Kvinnherad ved Hardangerfjorden, og er ein institusjon for eldre og menneske som treng pleie, omsorg og rehabilitering. Institusjonen har 6 avdelingar - 60 plasser fordelt på langtid, demens og korttid/rehabilitering. Vi kan tilby eit godt fagmiljø innan demensomsorg, i somatisk avdeling og rehabilitering/palliasjon. Vi har godt tverrfagleg samarbeid med stort fokus på rehabilitering og trening i våre flotte treningslokale.

Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg, eller anna turnus med langvakter. Det vert arbeid med moglegheiter for langvakter i vekedagane. 

Velferdsteknologi er ein del av vår kvardag, og vi held på med prosjekt "kamerabasert tilsyn".

Arbeidsoppgåver: 

  • Utøva sjukepleiefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
  • Heilheitleg omsorg og pleie
  • Samarbeid med pasient, pårørande, avdelingsleiar og særs tett samarbeid med kollegaer på avdeling
  • Dokumentasjon av tenestane vi yt
  • Legemiddelhandtering
  • Rettleie kollegaer, studentar og skuleelevar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Norskkunnskap, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskaper

  • Du må vera fleksibel og løysingsorientert.
  • Ha gode evner til kommunikasjon
  • Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Gratis SFO og reduserte barnehageprisar
  • Inga eigedomsskatt

Meir informasjon om den flotte regionen vår finn du her:  Sunnhordlandslivet (buisunnhordland.no)

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kvinnherad kommune Rosendalstunet

BedriftKvinnherad kommune Rosendalstunet
Om bedriftenKvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Søk etter flere lignende stillinger