Sjukepleiar 100 % fast stilling
Om stillingen
Heimetenestene i Sykkylven Kommune er inndelt i to distrikt innanfor fastsatte geografiske område. I tillegg omfattast tenesta av forebygging og meistringsteam, korttids-rehabiliteringsavdeling, praktisk bistand og natteneste.
Heimesjukepleien har som hovedmål å forbygge, følge opp, rehabilitere og tilrettelegge for at innbyggarane skal bo i eigen heim så langt det let seg gjere.
Vi yt helsehjelp til brukarar i alle livets faser uavhengig av sjukdom og diagnoser. For å nå vårt mål satsar heimesjukepleien på velferdsteknologiske løsningar i heimen, tverrfaglig samarbeid med interne og eksterne aktørar, samt å gi helsehjelp fra eit meistringsretta perspektiv. Som sjukepleiar vil du jobbe tett med fastlegar/legevaktslegar, fysioterapeut, ergoterapeut, hjelpemiddelteknikar, palliativteam, kreftkoordinator, hukommelsesteam og sårsjukepleiarar under eiga eining.
Heimetenestene skal flytte inn i nye lokale (i helsehus) i slutten av 2025. Her vil vi samlokalisere legetenestene, heimetenestene og psykiatri under samme tak noko som vil føre til sterkt tverrfagleg samarbeid og kompetanseheving.
Vi har ledig 100 % fast stilling i todelt turnus med arbeid med kvar tredje helg
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledig.
Søknadar behandlast fortløpande, og aktuelle kandidatar kan tilbys stilling før søknadsfristens utløp.
Arbeidsoppgåver
- Utøve direkte helsehjelp til brukarar med vedtak om heimetenester
- Utøve pleie og omsorg i kvalitet
- Legemiddelhandtering
- Observere, dokumentere, og registrere etter gjeldande lovverk
- Handtere og følge opp digitalt tilsyn for brukarar med særskilt behov.
- Håndtere og følge opp velferdsteknologi
- Primærkontaktansvar
- Samarbeide tett med brukarar og pårørende
- Oppfølging av grunnleggande og avanserte sjukepleiefaglege prosedyrer, f.eks.: sårstell, medisinsk utstyr, stell av kateter og stomi, førstegangsvurderingar og heimebesøk hos nye brukarar, dialyse, infusjonsbehandling, PEG og sondemat m.m.
- Delta aktivt i fagutvikling og bidra til kunnskapsspredning i teamet.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar (kandidatar som er under utdanning og ønsker fast stilling etter fullført utdanning vil også verte vurdert for stillinga)
- Førerkort klasse B
- Gode datakunnskaper og kjennskap til journalsystem er ein fordel
- Gode kommunikasjonsferdigheter, muntlig og skriftlig.
- Beherske skandinaviske språk både muntlig og skriftlig.
- Har motivasjon til å vere med på å bygge opp eit godt fagmiljø
- Har gode relasjonsbyggingsevner og leverer høg kvalitet i arbeidet.
Personlege eigenskapar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Vere strukturert og løysingsorientert
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Vise fagleg engasjement
- Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
- Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
- Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- God opplæring
- Godt arbeidsmiljø, engasjerte kollegaer
- God kollegial støtte og samarbeid
- Sterkt faglig miljø
- To fagdager i året
- Beste natur, fjell og lokale aktivitetar
- Konkurransedyktig lønn og rekrutteringstillegg til nytilsette
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Engasjerte og tilgjengelige ledere som støtter deg
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Anne Britt Kurseth, Avdelingsleiar, 48123591, [email protected]Arbeidsstad
Haugneset 166230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5010607237
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 08.09.2025
Søknadsfrist: 31.12.2025

