Sjukepleiar - 100 % fast - Ostereidet heimeteneste
Om stillingen
Om stillinga
Vi har ledig 100 % stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3. helg.
Om avdelinga
Ostereidet heimeteneste er en avdeling som har både heimeteneneste og omsorgsbolig pluss. Heimetenesta gir tenester til brukarar i tilhøyrande geografisk område, medan omsorgsboligene gir tenester til bebuarar som bur i heildøgnsbemanna bustadar - Ostertun med 28 leilegheiter. Personalet har fast turnus inne og ute, men må pårekne å jobbe der det er behov for kompetansen. Avdelinga har eit godt tverrfagleg team av fagansvarleg, driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim og i omsorgbustad pluss. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeider tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert sjukepleiar
- Førarkort klasse B
Kven er du?
Vi ønskjer oss ein person som:
- Trivst med å arbeide sjølvstendig
- Har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- Er løysningsorientert og fleksibel
- Er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
- Har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
Alver Kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 27.12.2024Butikkmedarbeider for sommersesongen - Flåm
Aurland - Flåm Ferdaminne AS - Publisert 12.1.2025Butikkmedarbeider hos Bagorama Alta
Alta - Magasin Nord As/Bagorama - Publisert 12.1.2025YX Brødløs bensinstasjon søker Butikkmedarbeider
Halden - Brødløs AS - Publisert 12.1.2025Nordsihaugen familiebarnehage søker barnehageassistent ? vikariat med oppstart i februar 2025.
Steinkjer - Nordsihaugen Familiebarnehage AS - Publisert 12.1.2025