Jobbsafari
Vanylven kommune, Vanylven helse- og omsorgssenter, avd 3

Sjukepleiar 100%

OmrådeVanylven
Publisert21.1.2025
Søk senest8.2.2025
Søk på jobb

Om stillingen

Vanylven Helse og Omsorgssenter, avdeling 3 har ledig stilling på 100% fast som sjukepleiar.

Avdeling 3 har per i dag totalt 18  plassar fordelt på to grupper ā 9 pasientar. Avdelinga har i hovudsak langtidsplassar, men tilbyr kortidsplassar og rehabilitering/rullering/avlastningsopphold om behov .
Som sjukepleiar på avdeling 3 jobbar du med pasientar med komplekse og samansatte diagnoser, rehabilitering av pasientar frå sjukehus og palliativ behandling i livets sluttfase. Hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter. 

Vanylven helse- og omsorgssenter har god sjukepleiarfagleg kompetanse. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka og har eige laboratorium for prøvetaking.

Vi har pr. i dag ledig både todelt turnus (dag/kveld) og tredelt turnus (dag/kveld og natt), med arbeid kvar tredje helg. Det kan vere mogleg med langvakter og komprimert turnus, inntil 12,5 timer vakter/4.kvar helg. 16.desember 2024 var det oppstart av årsturnus. Turnus kan tilretteleggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ønske. 

Avdeling 3 er lokalisert i øverste etasje ved Vanylven helse-og omsorgssenter på Fiskå, som sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt. 

Vanylven kommune tilbyr rekruttere-  og behaldetillegg for sjukepleiarar på 30 000 kr per år for 100% stilling, samt nedbetaling av studielån. 
Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga. 
Om du er i sluttfasen av sjukepleiestudiet, må du gjerne søkje fast stilling hos oss allereie no.



Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga. 
Om du er i sluttfasen av sjukepleiestudiet, må du gjerne søkje fast stilling hos oss allereie no.


Arbeidsoppgåver

  • Ivareta den enkelte pasient sine medisinske behov saman med tilsynslege/fastlege, samt ansvarleg for gjennomføring og evaluering av tiltak
  • Ansvar for fagleg vurdering av pasienten sin heilhetlige helsetilstand. Sikre gode pasientforløp.
  • Sørge for at tenesteyting, til dømes legemiddelhandtering, skjer etter gjeldande forskrifter og prosedyrer
  • Sikre at pasientdokumentasjon til ei kvar tid er oppdatert i Helseplattforma
  • Oppfølging av pasient i forhold til samhandling med sjukehus og og andre eksterne samarbeidspartar
  • Ta i bruk velferdsteknologiske løysingar, der dette er hensiktsmessig
  • Koordinere og samarbeide med pårørande
  • Rettleie og undervise kollegaer, elevar og studentar
  • Ansvar for å halde seg fagleg oppdatert og delta på kompetansehevande tiltak i regi av arbeidsgjevar

Kvalifikasjonar

  • Offentleg/autorisert sjukepleiar
  • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
  • Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
  • Effektiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Engasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelinga
  • Positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
  • Politiattest må framleggast før tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å planlegge, gjennomføre og evaluere tiltak rundt pasientar
  • Du er raus med smil overfor pasientar, pårørande og kollegaer og likar å samarbeide
  • Du er fagleg engasjert og oppdatert, har positive holdningar og er ein god rollemodell og deler av din kunnskap med kollegaer, studentar og lærlingar
  • Du likar endringar og våger å tenke nytt
  • Du er sjølvstendig, fleksibel, serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
  • Du arbeidar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du har hjarte for eldreomsorga
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt 

Vi tilbyr

  • Gode løns - og permisjonsbetingelsar, jmf lønspolitisk plan og lokale reglement
  • Gode pensjonsbetingelsar i henhold til tariffavtale
  • Rekruttere - og behaldetillegg for sjukepleiarar på 30 000 kr per år for 100% stilling
  • Nedbetaling av studielån 15% pr. år inntil 28 000
  • Lokalt tillegg for fagorganiserte
  • Ekstra lønnstrinn for 20 års ansiennitet
  • Spennande arbeidsoppgåver, samt faglege utfordringar
  • Godt samarbeid både internt i avdelinga og tverrfagleg
  • Moglegheit for tilrettelagt turnus så langt det let seg gjere, todelt turnus, arbeid 3.kvar helg
  • Vi kan vere behjelpeleg med å skaffe enkel overnatting for ei periode 

Kontaktinformasjon

Karen Birte Bjørlykke, Avdelingsleiar, +47 47683459, [email protected]

Arbeidsstad

Rådhusvegen 20
6143 Fiskåbygd

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune

Referansenr.: 4907138387
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2025

Vanylven kommune, Vanylven helse- og omsorgssenter, avd 3

BedriftVanylven kommune, Vanylven helse- og omsorgssenter, avd 3

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger