Jobbsafari
Helse og omsorg, Vestre Slidre kommune

Sjukepleiar 1 omsorgsbolig heildøgn

1 måneder siden
OmrådeSlidre
Søk senest27.5.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Vestre Slidre Helsetun er eit nytt og moderne bygg, som består av 20 institusjonsplassar og 12 heildøgnsbemanna omsorgsbustadar for mennesker med demens og alderspsykiatri. Stillinga vil ha fagansvar for dei 12 heildøgnssbemanna omsorgsbustadane. 

Vi har stort fokus på kompetanse og tenesteutvikling. Stillinga som sjukepleiar 1 er eit ledd i kompetansebygginga ved helse- og omsorgssektoren. Du vil få fagansvar for 12  bebuarar, og vil være i nært samarbeid med institusjon og heimetenesten. Stillinga vil ligge i turnus, med arbeid hver 6 helg langvakter. I vekedagene vil du i hovedsak jobbe dagvakter

Vi søkjer deg som ser moglegheiter, løysingar og utvikling for arbeidsplassen. Er du kreativ, samhandlingsvillig, positiv, har evne til nytenking, og å yte det vesle ekstra? Då bør du søke hos oss!


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til godt samarbeid internt og med andre verksemder
  • Ansvar for fagleg utvikling i avdelinga
  • Ansvar for IPLOS og Profil i avdelinga
  • Leie tverrfaglege møter og fagmøter 
  • Enkle administrative oppgaver 
  • Du gir fagleg støtte til kollegaer
  • Du vil undervise og rettleie kollegaer, studentar, elevar og lærlingar
  • Du sørgjer for pårørendearbeidet i avdelinga
  • Du sørgjer for forsvarleg handtering av medikamenter
  • Du sørgjer for oppdaterte sjukepleiefaglege rutiner og prosedyrer
  • Du sørgjer for god kvalitet på tenester innanfor dei rammer som er lagt for verksemda

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon treårig høgskule
  • Relevant vidareutdanning innan demensomsorg og alderspsykiatri er ynskjeleg, eller om du har relevant erfaring innan dette feltet. 
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne og gode norskkunnskapar
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du må være ein positiv kollega som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du må ha gode kommunikasjons - og samhandlingevner
  • Du er strukturert, sjøvstendig og fleksibel i ditt arbeid
  • Du trivast med å jobbe med menneske
  • Du er open for å læra av andre, og for å bidra med eiga kompetanse
  • Du har evne til å rettleie og formidle kunnskap

Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
  • Ein spanande arbeidskvardag med sterkt fagleg fokus
  • Moglegheit for å ha stor påvirkning på eigen arbeidskvardag
  • Gode pensjonsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar

Kontaktinformasjon

Bente Haugen, Tenesteleiar Helsetunet, 99690622, [email protected]


Arbeidsstad

Slidrevegen 16


2966 Slidre


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune



Referansenr.: 4805515624


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 27.05.2024



Helse og omsorg, Vestre Slidre kommune

BedriftHelse og omsorg, Vestre Slidre kommune
Om bedriften

Andre opplysningar

Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger