Oppvekst og kulturetaten
SFO leiar - Intern utlysing
Om stillingen
Om stillinga
Som SFO-leiar ved Ulsteinvik barneskule har du det overordna ansvaret for planlegging, gjennomføring og vidareutvikling av skulefritidsordninga. Stillinga inneber både pedagogisk leiing og administrative oppgåver, og du har ei sentral rolle i å sikre at SFO er ein trygg, inkluderande og meiningsfull arena for borna.
SFO-leiar arbeider for å skape samanheng mellom skuledagen og SFO, og skal bidra til at tilbodet støttar opp om skulen sine verdiar og mål. Stillinga inneber tett samarbeid med rektor og resten av skulen sitt leiarteam, samt dialog med tilsette, føresette og eventuelle eksterne samarbeidspartnarar.
Du vil få ansvar for rettleiing og oppfølging av medarbeidarar i SFO, og for å leggje til rette for fagleg utvikling og godt arbeidsmiljø. Du vil òg ha ansvar for dagleg organisering, bemanning og ressursbruk, og vere ein aktiv bidragsytar i skulen sitt utviklingsarbeid.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Saman om meistring og mangfald
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
Berre interne søkarar vert vurdert.

- Leie og utvikle SFO i tråd med gjeldande lover, forskrifter og lokale planar
- Ansvar for dagleg drift, organisering og planlegging av SFO
- Personaloppgåver
- Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande miljø for borna
- Samarbeid med føresette, skuleleiing og andre samarbeidspartnarar
- Administrative oppgåver knytt til økonomi, bemanning og rapportering
Kvalifikasjonar
- Relevant pedagogisk utdanning er ønskjeleg. Dette kan vere; fagprøve i barne og ungdomsarbeid, SFO - utdanning, barnehagelærar, lærar, barnevernspedagog og anna
- Erfaring frå arbeid i SFO/skule er ein fordel
- Leiarerfaring eller motivasjon for leiing vil bli vektlagt
- God kjennskap til barn si utvikling og behov
Personlege eigenskapar
- Tydeleg og trygg i leiarrolla
- Gode samarbeidsevner
- Strukturert og løysingsorientert
- Evne til å motivere og rettleie medarbeidarar
- Engasjement for barn sitt lærings- og fritidsmiljø
- Du må identifisere deg med Ulsteinvik barneskule sine kjerneverdiar:
Saman om meistring og mangfald
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Ei spennande og meiningsfull leiarstilling
- Moglegheit til å vere med å forme og utvikle SFO-tilbodet
- Godt arbeidsmiljø og tett samarbeid med skuleleiinga
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Berre interne søkarar vert vurdert.
Oppvekst og kulturetaten
BedriftOppvekst og kulturetaten
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
.jpg%3FupdatedAt%3D1772544470745&w=128&q=75)

.png&w=128&q=75)