SFO-leiar - 100 % årsvikariat

OmrådeAlver
Publisert7.5.2025
Søk senest21.5.2025

Om stillingen

Om stillinga

Ved Sæbø skule er det ledig eit årsvikariat som SFO- leiar frå 1. august 2025.

Skulefritidsordninga skal vere eit tilbod der barna møter leik, kultur og fritidsaktivitetar, i tillegg til at dei får god omsorg og tilsyn før og etter skuletid.

Det er tillagt administrasjonstid til stillinga. Stillinga er ei arbeidsleiarstilling og er ein kombinasjon av utøvande arbeid i skule og SFO slik at tilsetjinga til saman vert 100 % stilling.

Me søkjer ein person med pedagogisk utdanning eller anna relevant erfaring og utdanning. Vi ser etter deg som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel.

Du må vere motivert for å leie og følgje opp barn og tilsette i forhold til sosial og fagleg læring i SFO.


Om oss

Sæbø skule er ein barneskule i Alver kommune med om lag 90 elevar. Skulen ligg i Austmarka, 12 minutt frå Knarvik. Skulen har ei leiargruppe som består av rektor, avdelingsleiar for 1.-4.trinn, avdelingsleiar for 5.-7.trinn og SFO-leiar. 

Sæbø skule har eit levande miljø med 90 elevar fordelt på 1.-7.trinn. Skulen stod ferdig i 2009, og framstår som ein moderne skule med gode fasilitetar. I tillegg til eit godt skulebygg, har vi eit variert nærmiljø med tilgang til både fjell, skog og sjø. På skulen har vi eit flott og inkluderande fagmiljø med totalt 18 tilsette. 


Arbeidsoppgåver

Som SFO-leiar ved Sæbø skule vil du:

  • ha det daglege ansvaret for å leie og administrere SFO, påmelding, brukarlister, vaktlister, aktivitetsplanar m.m.
  • vere ein tydeleg og god rollemodell i miljøet på SFO-avdelinga
  • utarbeide årsplanar og vekeplanar med mål og innhald for SFO- tida
  • sikre at SFO- tilbodet er i tråd med Opplæringslova med forskrifter, føresegner, avtalar, vedtekne retningslinjer og gjeldande planverk
  • vere ein del av skulen sitt leiarteam
  • ha ansvar for personalmøte, foreldremøte og andre møte med tilsette og føresette
  • leggje til rette for eit godt samarbeid med føresette til barna på SFO
  • leie SFO- tilbodet som eit fritidstilbod som vert sett i heilskap med skulen si verksemd 
  • ansvar for bemanning og vaktlister ved SFO

Kompetanse

  • pedagogisk utdanning på bachelornivå 
  • fordel med tidlegare erfaring frå SFO-drift eller skule
  • det kan og vere aktuelt for barne- og ungdomsarbeidarar med arbeidserfaring på SFO
  • må handtere bruk av ulike dataprogram i forhold til sakshandsaming, planarbeid m.m.
  • ønskjeleg med administrativ erfaring og/eller erfaring som arbeidsleiar
  • utdanning/erfaring i forhold til elevar med spesielle behov

Kven er du?

Vi søkjer ein SFO- leiar som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel. I denne jobben må ein vere løysings- og utviklingsorientert og ha vilje og evne til tett samarbeid med kollegaer og føresette. Å jobbe sjølvstendig, ha stor innsatsvilje og ha evne til å inspirere vert viktig i arbeidet med å utvikle SFO- ordninga vår. Å ha ei evne og eit fokus på å byggje relasjonar til barn og vaksne er avgjerande i jobben.


Me tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du kan trivast og utvikle deg.
  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange.
  • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel.
  • Løn etter avtale, basert på dine kvalifikasjonar.
  • Pensjonsordning gjennom KLP (Kommunal Landspensjonskasse).
  • Gode arbeidsvilkår i tråd med lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med opplæringsl § 10- 9 / barnehagel § 19 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede


Alver Kommune

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Brann, Entring og Sikkerhetsvakt (BES-vakt) på Mongstad, utenfor Bergen

Avarn Security AS

Bergen6/11 - 8/31
Anbefalt