Jobbsafari

Senterleiar ved Senter for krisepsykologi

2 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest24.3.2024
JobbdetaljerÅremål

Om stillingen

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Senterleiar (professor) ved Senter for krisepsykologi

Ved Senter for krisepsykologi er det ledig ei (100 %) stilling som senterleiar. Leiarstillinga er ei åremålsstilling (kode 1475 Instituttleiar), og tilsetjingsperioden er fire år med høve til å søkje om inntil ei ny åremålsperiode.

Om senteret: Senter for krisepsykologi vart oppretta i 2017 som eit sjølvstendig senter ved Det psykologiske fakultet. Senteret si verksemd er retta mot forsking, utdanning og formidling innan krisepsykologi med satsing innanfor hovudområda sorg, kriser og traume og alvorleg somatisk sjukdom. Senteret har samarbeid med ei rad internasjonale partnarar og har ekstern finansiering av fleire forskings- og utdanningsprosjekt. Senteret har 13 tilsette i faste- og 9 tilsette (forskarar, stipendiatar og postdoktorar) i mellombelse stillingar.


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Leiar for Senter for krisepsykologi vil ha overordna ansvar for senteret si verksemd. Senterleiar vil ha ei viktig rolle i den faglege utviklinga av senteret som del av Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere: 

  • Vidareføre og styrke senterets nasjonale og internasjonale profil 
  • Utøve leiing i tråd med senteret si målsetting om å være eit internasjonalt anerkjent kompetansemiljø i krisepsykologi og stimulere til eit innovativt fagmiljø som inspirerer og motiverer tilsette til fagleg utvikling. 
  • Leggje til rette for og ha ansvar for at senteret utviklar søknader om ekstern forskingsfinansiering.
  • Fremje lokalt, nasjonalt og internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid. 
  • Bidra til senteret sin strategi ved å ha oppdaterte planar for senteret si verksemd og sørgje for at ressursar vert nytta i samsvar med desse. 
  • Utvikle et stadig tettare samarbeid med fagmiljø ved fakultetet og universitetet.
  • Sørgje for veleigna administrative tenester og for effektiv drift av verksemda. 
  • Ansvar for senteret sin økonomi.
  • Utøve personalansvar for tilsette ved senteret og ha overordna ansvar for resultat innan utdanning, formidling, forsking, forskarutdanning og forvaltning.

Senterleiar rapporterer til dekan


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søkjer senterleiar som: 

  • Har psykologisk eller helsefagleg bakgrunn med relevant kompetanse innan krisepsykologi og/eller senteret sine hovudområde. 
  • Er forskar med dokumentert professorkompetanse. Dersom det ikkje melder seg søkjarar med professorkompetanse, kan det vere aktuelt å tilsetje søkjar med kompetanse som førsteamanuensis. 
  • Har erfaring frå utdanning, forsking og utøvande arbeid innan senteret sitt fagområde. Internasjonal erfaring er ein fordel .
  • Har erfaring med å leie fagleg verksemd innan UH-sektoren.
  • Har ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog. 
  • Har gode evner til kommunikasjon, og kan uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk eller eit anna skandinavisk språk og engelsk.
  • Har evne til å skape tillit og byggje nettverk internt ved UiB og eksternt med regionale, nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar. 
  • Har god innsikt i kunnskapsorganisasjonar og dei krav som vert stilt til administrative tenester og god økonomistyring. 

Vi tilbyr:

  • Tilsetting som Senterleiar (i kode 1475 Instituttleiar) og løn etter nærare avtale og gjeldande tariffavtale. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemsskap i Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr også:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål og attestar.
  • Dokumentasjon på professor eller førseamanuensiskompetanse.
  • Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: fungerande senterleiar Unni Heltne +47 55 58 46 81

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Universitetet I Bergen

BedriftUniversitetet I Bergen
Vis flere jobber for denne bedriften

Lignende stillinger