Western Norway University of Applied Sciences

Senioringeniør DevOps

Område

Bergen

Publisert

8.7.2026

Søk senest

9.8.2026

Om stillingen

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Digital tenesteutvikling (ITDT) utviklar og forvaltar IT-løysingar til bruk i HVL, og tilpassar og integrerer eksternt leverte produkt. Eininga er rådgjevar og ansvarleg for prosjekt- og utviklingsmetodikk.

ITDT søker ein erfaren og engasjert senioringeniør innafor Digital tenesteutvikling, med særleg ansvar for rammeverk og metode for digital tenesteutvikling.

Vi ser etter deg som trivst i skjæringspunktet mellom arkitektur, utvikling og drift. Du likar å utvikle gode tekniske løysingar, men motiverast også av å støtte prosjekt, bidra til fagleg retning og skape godt samarbeid på tvers av team og fagmiljø.

Hos oss vil du få ei sentral rolle i utvikling av moderne plattformtenester og arbeidsmåtar - både strategisk og operativt. Du vil arbeide tett med utviklarar, drift, prosjekt og leiing for å skape robuste, sikre og framtidsretta løysingar for studentar og tilsette.

Du får moglegheit til å arbeide med teknologi som støttar utdanning, forsking og samfunnsoppdraget vårt elles. Du blir del av eit sterkt fagmiljø med stor fridom til å påverke teknologi, arbeidsmåtar og vidare utvikling.

Vi ynskjer å byggje moderne, bærekraftige og framtidsretta digitale tenester - og vi trur dei beste løysingane blir skapte gjennom samarbeid, deling av kompetanse og vilje til utvikling.

Arbeidsstaden er ein av høgskulens fem campusar: Bergen, Førde, Sogndal, Stord eller Haugesund.
  • Vidareutvikle HVL sitt rammeverk og metode for utvikling av eigne løysingar
  • Bidra til moderne utviklings- og leveranseprosessar, basert på DevOps tankesett
  • Vere ein fagleg pådrivar innan moderne plattformteknologi og arbeidsmetodikk
  • Bidra innan arkitektur, sikkerheit, integrasjon og teknologival
  • Utvikle og forvalte hybride plattform- og infrastrukturløysingar på tvers av sky og lokale datasenter
  • Arbeide med automatisering, CI/CD og Infrastructure as Code
  • Utvikle og forvalte digitale tenester
  • Bidra til bruk av AI/KI-verktøy og nye teknologiar der dette gir verdi
  • Støtte prosjekt og fagmiljø med teknologisk rådgjeving
  • Bidra til koordinering og samarbeid på tvers av team

Formell utdanning og kompetanse:
  • Relevant høgare utdanning frå høgskule eller universitet på minst masternivå, samt omfattande relevant fagadministrativ erfaring og spesialkompetanse på særleg høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga. Bachelorutdanning saman med slik realkompetanse kan i somme høve kompensere for masterkravet.
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk, god skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring med Kubernetes, containere, mikrotjenestearkitektur og moderne køyretidsmiljø
  • Erfaring med DevOps, CI/CD, GitOps og automatisering
  • Erfaring med skyteknologi og hybride infrastrukturløysingar
  • Erfaring med Linux og tradisjonell IT-drift
  • Erfaring med applikasjonsutvikling, scripting og integrasjonar
  • Erfaring med logging og overvaking
  • Erfaring med IT-sikkerheit og robuste løysingar, gjerne frå utvikling eller arkitektur
  • Erfaring med bruk av AI/KI i utvikling og drift

Personlege eigenskapar:
  • Du har brei teknologiforståing og likar å sjå heilskap
  • Du har genuin interesse for utvikling, automatisering og moderne plattformteknologi
  • Du trivst både med operativt arbeid og fagleg utvikling
  • Du likar å samarbeide og bidra til framdrift i prosjekt og team
  • Du kommuniserer godt med både tekniske og ikkje-tekniske miljø
  • Du er nysgjerrig, initiativrik og opptatt av kontinuerleg forbetring

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Tilbake til toppen

Western Norway University of Applied Sciences

Bedrift

Western Norway University of Applied Sciences

Søk etter flere lignende stillinger

Bergen

Lignende stillinger

Barnehagelærer

Bergen Kommune

Bergen13.7. - 27.7.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS