Jobbsafari
Seljord Barnehage

Seljord barnehage - barne- og ungdomsarbeider/assistent - inntil 180 % stilling - mellombels. Frist 15.12.24

OmrådeSeljord
Publisert10.12.2024
Søk senest14.12.2024

Om stillingen

Barne- og ungdomsarbeider, assistent

Det er ledig inntil 180 % stilling som barne- og ungdomsarbeider, assistent i Seljord barnehage. Oppstart frå 2. januar.

For stillingane gjeld

Det vil bli lagt vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner. Erfaring frå arbeid i barnehage er ynskjeleg.

Barnehagane i Seljord

Barnehagane i Seljord har fokus på å skape psykisk helsefremjande miljø for barna. Arbeidet vårt tar utgangspunkt i barnas rettar. Kjernen i arbeidet er tilknyting og gode relasjonar i tett samarbeid med foreldra. Det er foreldra og dei tilsette sitt ansvar å ta val til det beste for barna. Vala vi tek påverkar barnet her og nå, og seinare i livet. Barna skal ha tilsette som støttar og utfordrar dei i leiken. Leiken er barnehagebarns danningsarena og barnehagane har fokus på inkluderande leikemiljø. Vi har eit samarbeid med STYD kommunikasjon i dette arbeidet.

Vi tilbyr

  • Løn etter Hovudtariffavtala
  • Pensjon via KLP/SPK
  • IA-bedrift

Dei som får tilbod om stillinga må vise gyldig politiattest før tilsetting.

Spørsmål om stillingane skal rettast til styrar/einingsleiar,

Heidi Færstaul Haugerud, tlf. 911 20 162, [email protected]

Vi vurderer berre søknader som kjem elektronisk via portalen på www.seljord.kommune.no. Utdanning og arbeidserfaring må registrerast i skjemaløysinga slik at informasjonen kjem med på utvida søkjarliste.

Seljord Barnehage

BedriftSeljord Barnehage
Om bedriften

Seljord kommune er ein naturskjønn aktivitetskommune i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Kommunen har er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger