Jobbsafari
Divisjon psykisk helsevern/ Psykiatrisk klinikk/ Psykosomatisk medisin/ Seksjon for alderspsykiatri, Helse Bergen

Seksjonsleiar ved Seksjon for Alderspsykiatri

1 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest6.6.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Psykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har to avdelingar som er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin og Avdeling spiseforstyrringar. Seksjon for alderspsykiatri, Seksjon konsultasjonspsykiatri og Seksjon for nevrostimulerande behandling er lokalisert under Avdeling psykosomatisk medisin.
Seksjon for alderspsykiatri greier ut og behandlar pasientar med alvorlege psykiske lidingar som debuterer etter fylte 65 år. Alderspsykiatriske lidingar er kjenneteikna ved at det er samanheng mellom psykiatrisk og somatisk sjukdom, eller mellom psykiatrisk sjukdom og biologiske, psykologiske eller sosiale aldringsfenomen. Døme kan vere alvorleg depresjon, invalidiserande angstliding og akutt forvirringstilstand/psykose. 

Seksjonen har ei døgneining med 12 sengeplassar og har i tillegg polikliniske og ambulante tenester. Seksjonen er lokalisert i Glasblokkene på Haukeland universitetssjukehus. 
Vi har no ledig fast stilling som seksjonsleiar ved Seksjon for alderspsykiatri. Vi søker deg som har ei særskild interesse for fagfeltet alderspsykiatri. Du får ei viktig rolle i utviklingen av seksjonen inn mot fremtidens behov. 


Arbeidsoppgåver

  • Ha ansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet i seksjonen
  • Ansvar for arbeidstidsplanlegging og bemanning
  • Sørge for at seksjonen skapar effektive pasientløp gjennom god planlegging, logistikk og samhandling internt og eksternt
  • Bidra til utvikling av god pasienttilfredsheit og rett medisinsk prioritering
  • Motivere og legge til rette for kvalitetsforbetringsarbeid i seksjonen
  • Stimulere til opplæring, kompetanseheving og utdanning

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid er eit krav
  • Må ha leiarerfaring, erfaring frå drift av sengepost er ein fordel
  • Arbeidserfaring frå psykisk helsearbeid er ein føresetnad, ein fordel med erfaring frå alderspsykiatri
  • Engasjement og interesse for fagfeltet alderspsykiatri
  • Må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Må ha god IKT-kompetanse
  • Kunnskap om EPJ, og andre fagsystem er ein fordel
  • Det blir lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga spesielt med tanke på haldningar, motivasjon og kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Du er løysingsorientert, fleksibel og har gode relasjonelle ferdigheiter
  • Framtids-, endrings- og handlingsorientert
  • Sterk på å ta avgjerder og å gjennomføre desse
  • Tydeleg på forventingar og tilbakemeldingar
  • Utviklar gode samarbeidsrutinar, internt og eksternt
  • Arbeider for eit godt arbeidsmiljø med vekt på innvolvering, openheit og tillit

Vi tilbyr

  • Eit inkludarende, tverrfagleg kollegie med spesialisert fagkompetanse
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Høgt fagleg nivå
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter avtale

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Kontaktinformasjon

Ann Christin Øren Rivenes, Avdelingssjef, 55974562


Arbeidsstad

Haukelandsveien 22


5021 Bergen


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4811461541


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 06.06.2024



Divisjon psykisk helsevern/ Psykiatrisk klinikk/ Psykosomatisk medisin/ Seksjon for alderspsykiatri, Helse Bergen

BedriftDivisjon psykisk helsevern/ Psykiatrisk klinikk/ Psykosomatisk medisin/ Seksjon for alderspsykiatri, Helse Bergen
Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Søk etter flere lignende stillinger