Jobbsafari
Seksjon for sikkerheit og støttetenester, avdeling IKT og digitalisering, Vestland fylkeskommune

Seksjonsleiar sikkerheit og støttetenester

OmrådeLeikanger
Publisert28.2.2024
Søk senest17.3.2024

Om stillingen

Er du glad i menneske, strukturert og utviklingsorientert? Vi ser etter deg som ser på leiing som eit spennande fag, og som har ønske om å skape ein triveleg og utviklingsorientert arbeidsplass.

Seksjonsleiaren inngår i leiargruppa til avdelingsdirektør for IKT og digitalisering, og har ansvar for strategisk og dagleg leiing av seksjon sikkerheit og støttetenester. Seksjonen er organisatorisk plassert i avdeling for IKT og digitalisering, og har avdelingsansvar for HR, økonomi, beredskap, IKT-sikkerheit, personvern, internkontroll, prosjektleiing og dokumentasjonsforvaltning.

Seksjonsleiaren skal legge til rette for god samhandling internt på avdelinga og eksternt mot andre avdelingar og samarbeidspartnarar.  


Arbeidsoppgåver

  • Støtte avdelingsdirektør med styring og samordning av avdelinga. Det inneber blant anna å vere støttefunksjon for avdelingsdirektør og dei andre seksjonsleiarane med budsjett, økonomi og HR 
  • Støtte avdelingsdirektør med samordning av avdelinga inn mot andre avdelingar, blant anna ved prosjektleiing og prosesstyring 
  • Dagleg leiing av seksjonen, som inneber økonomiansvar, og personalansvar for medarbeidarane i seksjonen
  • Drive kontinuerleg forbetringsarbeid og kompetanseutvikling i seksjonen
  • Sikre effektive og profesjonelle leveransar til avdelinga og dei andre avdelingane i Vestland fylkeskommune
  • Førebu og kvalitetssikre saker til møte i arbeidsmiljøutvalet og informasjons- og drøftingsmøte i avdelinga 
  • Sørge for at forvaltningsoppgåver tildelt seksjonen vert utført, herunder oppfølging av forvaltningsrevisjonar


Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på masternivå frå universitet eller høgskule innan økonomi og administrasjon, samfunnsøkonomi, statsvitskap, samfunssikkerheit, IKT eller tilsvarande. Krav til utdanning og utdanningsretning kan fråvikast for søkarar som har god og relevant praksis
  • Dokumentert leiarerfaring
  • Erfaring frå fagområda som ligg til seksjonen
  • Kunnskap om og/eller erfaring innanfor prosjektleiing og styring av prosessar
  • Kunnskap om og/eller erfaring frå offentleg forvaltning

Personlege eigenskapar

  • Resultatorientert, initiativrik og handlekraftig
  • Proaktiv, løysingsorientert og oppteken av å få jobben gjort til rett tid
  • Gode kommunikasjonsevner, forståing av samhandlingsprosessar og ønske om å understøtte ein delingskultur
  • God forståing for samanhengen mellom digital teknologi og organisasjon
  • Har evne til å motivere og inspirere medarbeidarar for å kunne bygge eit samhandlande miljø rundt deg
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi tilbyr

Hos oss får du faglege utfordringar og personleg utvikling i eit sterkt tverrfagleg miljø.

Vi har rammer som sikrar deg ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid, betalt overtid og sommartid.

Vi er IA-bedrift med gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Her kan du bli betre kjent med oss: Jobb og karriere i Vestland fylkeskommune

Har du spørsmål eller berre lyst å høyre meir om jobben? Ikkje nøl med å ringe, vi fortel gjerne.

Verdt å merke seg
Løns- og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.

Administrasjonsmålet til fylkeskommunen er nynorsk.

Arbeidsplass på Leikanger

Reiseaktivitet må påreknast. 

Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i fylgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på
offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkarliste vil du alltid bli varsla før søkarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Paal Fosdal, avdelingsdirektør, 90639859

Arbeidsstad

Askedalen 2
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4769038955
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.03.2024

Seksjon for sikkerheit og støttetenester, avdeling IKT og digitalisering, Vestland fylkeskommune

BedriftSeksjon for sikkerheit og støttetenester, avdeling IKT og digitalisering, Vestland fylkeskommune
Om bedriftenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Søk etter flere lignende stillinger