Helse Førde Hf

Seksjonsleiar medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus

Område

Førde

Publisert

7.9.2026

Søk senest

27.9.2026

Om stillingen

Om stillinga

Vil du vere med og vidareutvikle framtidas medisinske tenester i Helse Førde?

Vi søkjer ein engasjert og framtidsretta seksjonsleiar for medisinsk legeteneste ved Førde sentralsjukehus frå januar 2027.
Dette er ei spennande leiarstilling i eit stort og breitt fagmiljø med høg kompetanse, sterktengasjement og eit viktig samfunnsoppdrag.

Medisinsk avdeling er den største avdelinga i Helse Førde og har ansvar forsengepostar, poliklinikkar, akuttmottak, observasjonspost og dialysebehandling.Avdelinga har ei sentral rolle i pasientbehandlinga ved sjukehuset ogsamarbeider tett med både andre avdelingar og kommunehelsetenesta.

Legegruppa er aktiv innan fagutvikling, kvalitetsarbeid, utdanning oginnovasjon. Vi er godkjend utdanningsinstitusjon innan fleire medisinskespesialitetar og legg stor vekt på å utvikle framtidas legar. Frå hausten 2028tek vi imot dei første studentane gjennom satsinga «Vestlandslegen», noko somvil styrkje fagmiljøet ytterlegare.

Som seksjonsleiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av legetenesta ogblir ein del av leiargruppa i medisinsk avdeling. Du vil samarbeide tett medfagansvarlege overlegar, utdanningsansvarleg overlege og avdelingssjef, og veremed på å forme tenestene for framtida.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

27.09.2026

Arbeidsgivar:

Helse Førde

Stad:

Førde

Stillingstittel:

Seksjonsleiar

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

5174737973

Sosial deling :

Del på X

Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Utøve heilskapleg leiing med ansvar for fag, økonomi og personal
  • Planlegge og legge til rette for utdanning av LIS-legar i ulike utdanningsløp
  • Planlegge oppgåver og fordele ressursar
  • Fremje godt samarbeid på tvers av profesjonar, seksjonar og avdelingar
  • Månadleg rapportering av aktivitet og økonomi, og delta i budsjettprosess
  • Delta i leiarmøte i avdeling, klinikk og føretak
  • Drive kvalitetsarbeid, som inkluderar internkontroll, handtering av avvik, saker til NPE og arbeid med forbetringsprosjekt

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar
  • Helsefagleg bakgrunn
  • Leiarerfaring og vilje til å ta relevant leiarutdanning
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Føretrekte kvalifikasjonar
  • Erfaring med drift av legeteneste og døgndrift i sjukehus

Personlege eigenskapar

  • Du har gode organisatoriske og relasjonelle evner
  • Du er fleksibel og positiv, samstundes som du er resultatorientert og beslutningsdyktig
  • Du har eigenskapar som fremjar god kommunikasjon og samhandling internt og eksternt
  • Du har eit heilheitleg perspektiv på helsetenesta

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb i eit godt arbeids- og fagmiljø
  • Lønn etter avtale
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling innan leiing
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Adresse: Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Laila Haugland

Avdelingssjef

Telefon: 481 01 340

Om arbeidsgivaren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Tilbake til toppen

Helse Førde Hf

Bedrift

Helse Førde Hf

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Førde

Lignende stillinger

Servicetekniker til vindindustrien – bli med på det grønne skiftet!

Nordex Finland

Fjaler・5.10. - 2.11.

OCTG Planner

Ikm Gruppen AS

Florø・15.10. - 23.10.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS