Seksjonsleiar Ekspedisjonen
Om stillingen
Helse Førde har ledig årsvikariat som seksjonsleiar for ekspedisjonen ved Førde sentralsjukehus. Oppstart snarast/etter avtale.
Ekspedisjonen har mellom anna ansvar for sentralbordtenester ved Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus, samt heile Helse Førde på kveld, natt og helg. Dei har også ansvar for resepsjonen ved hovudinngangen til Førde sentralsjukehus.
Seksjonen er ein del av avdelinga Pasientreiser, ekspedisjon og pasienthotell. Seksjonen har for tida 22 tilsette, der 13 av dei er fast tilsette.
Dine arbeidsoppgåver
- leiaransvar for fag, økonomi og personal i seksjonen
- sikre eit trygt og sunt arbeidsmiljø for dei tilsette
- sikre god kompetanse og kvalitet i seksjonen
- sikre godt samarbeid med dei andre seksjonane i avdelinga, samt andre avdelingar i Helse Førde
- delta i lokale prosjekt og forbetringsarbeid
- ta andre oppgåver i seksjonen etter behov
Vi ser etter deg som har
- bachelor eller årstudium innan økonomi og leiing eller har relevant brei leiarerfaring som vil kunne kompensere for manglande formell utdanning
- god generell IT-kunnskap
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Du er ein god relasjonsbyggjar
- Du er positiv, engasjert og god til å motivere og leie andre
- Du er tydeleg og strukturert, med gode formidlingsevner
- Du er nysgjerrig og god på å sjå løysingar
- Du har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Spennande utfordringar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Trude Njøsen Helgås, Avdelingssjef, (+47) 971 01 110Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4932376779
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 30.03.2025
Pasientreiser, ekspedisjon og pasienthotell, Helse Førde
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Arbeidsleder, Lumon Norge AS, Oslo
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 28.3.2025TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025