Linn Dale Bergsma

Seksjonsleiar Akuttmottak

OmrådeBergen
Publisert15.12.2025
Søk senest4.1.2026

Om stillingen

Vil du leie eitt av landets største akuttmottak – og vidareutvikle tenesta for framtida?

Vi søker ein trygg, tydeleg og utviklingsorientert leiar som vil ta ansvar for drift, kvalitet og fagleg utvikling i ei eining med avgjerande betydning for pasientbehandling i sjukehuset.

Om Akuttmottaket
Akuttmottaket er sentralt i sjukehuset si akuttkjede og tar imot om lag 45 000 pasientar årleg med komplekse og tidskritiske behov. Her arbeider fleire yrkesgrupper tett saman for å sikre trygg, effektiv og fagleg god behandling – når det gjeld som mest.

Eininga samarbeider tett med dei fleste avdelingar og klinikkar i sjukehuset, og er eit sentralt knutepunkt i beredskapen. Akuttmottaket er organisert under Mottaksklinikken , som består av fem seksjonar: Akuttmottak, Korttidsposten, Utgreiingsmottak 1 og 2, og Legeeininga. Vi er ein del av Mottaksmodellen , der fleire avdelingar og klinikkar samarbeider for å gi pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp eit best mogleg tilbod. Målet vårt er klart: presis diagnostikk og rett behandling – på rett stad, til rett tid.

Som seksjonsleiar får du ansvar for ei stor, kompleks og samfunnskritisk eining med høg aktivitet døgnet rundt og 120 medarbeidarar. Du vil ha ei sentral rolle i å vidareutvikle tenesta, styrke fagmiljøet og sikre kvalitet i alle ledd. Stillinga inneber både strategisk og operativ leiing i eit dynamisk og givande miljø.


Arbeidsoppgåver

  • Ha ansvar for strategisk og operativ leiing
  • Sikre kvalitet, pasienttryggleik og god pasientflyt i tråd med Mottaksmodellen
  • Leie tverrfaglege team og vidareutvikle samhandlinga med heile sjukehuset
  • Ha personal-, budsjett- og resultatansvar
  • Drive forbetrings- og endringsarbeid etter gjeldande metode
  • Bidra aktivt i sjukehuset si beredskap og krisehandtering
  • Du rapporterer til klinikkdirektøren og inngår i klinikken si leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan helse
  • Leiarerfaring frå kompleks verksemd, gjerne med personal- og budsjettansvar
  • Leiarutdanning er ei fordel
  • Forståing for akuttmedisin, pasientforløp og tverrfagleg drift
  • Kjennskap til forbetringsarbeid, risikostyring og beredskap
  • Kjennskap til arbeidstidsplanlegging

Personlege eigenskapar

  • Er trygg, tydeleg og handlekraftig – også under press
  • Kommuniserer klart og skapar retning i krevjande situasjonar
  • Er god på tverrfagleg samarbeid, involvering og relasjonsbygging
  • Har høg gjennomføringsevne og blir motivert av forbetring
  • Er oppteken av kultur, arbeidsmiljø og fagleg utvikling

Vi tilbyr

  • Ei sentral leiarrolle i eit av Noregs mest komplekse og spennande akuttmiljø
  • Store moglegheiter til å påverke og vidareutvikle akuttmottaket og pasientforløpa framover
  • Eit solid fagmiljø med dedikerte og erfarne medarbeidarar
  • Gode moglegheiter for leiarutvikling
  • Konkurransedyktige vilkår

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linn Dale Bergsma, Klinikkdirektør, 48233858

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5044659634
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026

Linn Dale Bergsma

BedriftLinn Dale Bergsma

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt