Jobbsafari
Sauda kommune Sauda ungdomsskule

Sauda ungdomsskule søkjer

OmrådeSauda
Publisert30.10.2024
Søk senest18.11.2024

Om stillingen

Sauda ungdomsskule har ledig 100% stilling som avdelingsleiar, 40% av stillinga vil vere knytt til undervisning. Skulen har ni klassar fordelt på tre trinn. Skuleåret 24/25 er det 179 elevar på ungdomstrinnet og 29 tilsette. Skulen ligg sentralt og rekrutterer elevar frå dei tre barneskulane i kommunen. Søkjarar med rett kompetanse kan bli tilbydd andre ledige undervisningsstillingar i kommunen.

Sauda ungdomsskule sin visjon er: Saman for vår framtid. Nokre av satsingsområda til skulen er:

  • Skulen er ein MOT-skule som arbeider systematisk for eit trygt og varmt skulemiljø
  • Skulen deltar i Læringsmiljøprosjektet til Utdanningsdirektoratet. Valt satsingsområde er å hindra utanforskap med fokus på trygt og godt skulemiljø.
  • Positivt elevsyn
  • Godt samarbeid mellom skule og heim

Arbeids- og ansvarsområde

  • Leiaroppgåver innanfor dagleg drift og administrasjon av skulen
  • Undervisning
  • Delta i skuleutvikling
  • Stillinga er ein del av leiarteamet på skulen

Krav til kompetanse:

  • Godkjent pedagogisk kompetanse
  • Godkjent undervisningskompetanse for ungdomstrinnet
  • Gode IKT- dugleikar
  • God norskkunnskap, både munnleg og skriftleg

    Personlege dugleikar vil bli vektlagt

Me søkjer etter personar som

  • er god til å byggja lag/kan relasjonell leiing
  • vågar å tenke nytt når det me gjer ikkje fungerer
  • har mot og evne til å styra og leia
  • er open for leiarutdanning
  • er fleksibel, strukturert og effektiv i ein hektisk kvardag

Me kan tilby
Ein spanande og variert jobb i eit godt arbeidsmiljø
Pensjonsordning i SPK
Gode forsikringsordningar

Tilsettingvilkår
Den som blir tilsett vil vere underlagt dei løns- og arbeidsvilkår som går fram av gjeldande lovar, forskrifter og avtalar, samt lokale avtalar, reglement og retningslinjer for Sauda kommune. Ved tilsetting vil vi krevje godkjent politiattest.

Søknad
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me tilrår derfor alle å søkja via vårt elektroniske søknadssystem. Om du har behov for hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til [email protected]  

Me gjer oppmerksom på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Om du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentlegheten i din søknad, og anmodningen ikkje tas til følge, vil søkjer bli informert, jf. offentlighetslovens §25.


Velkommen som søkjar.


Link til søknadsskjema: Søk her

Sauda kommune Sauda ungdomsskule

BedriftSauda kommune Sauda ungdomsskule
Om bedriftenSauda kommune ligg i vakre Ryfylke og har ca 4600 innbyggarar. Historisk er Sauda mest kjend som ein vasskraft- og industrikommune, men me har nå eit variert og innhaldsrikt næringsliv. Sauda er ein kompakt småby med nærleik til "alt". Me har jobbmogligheiter, tomter, servicefunksjonar, gode skular, rikeleg med barnehageplassar og er omgjeven av fantastisk natur.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger