Jobbsafari

Sakshandsamar/miljørettleiar i Opplæring og integrering

2 måneder siden
OmrådeNordfjordeid
Søk senest10.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Opplæring og integrering har 50% fast stilling som sakshandsamar kombinert med 50% fast stilling som miljørettleiar i Opplæring og integrering frå 01.04.2024. Seinare oppstart kan avtalast.

Opplæring og integrering har ansvar for mottak, busetting, opplæring og sysselsetting av flyktningar i Stad kommune. Opplæring og integrering er samansett av vaksenopplæringa og integreringstenesta. Eininga har ansvaret for å ta i mot, busette, rettleie, sysselsette og integrere flyktningar i samfunnslivet. Stad kommune buset flyktningar etter avtale med IMDi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet). Opplæring og integrering ligg under kommunalområdet Oppvekst og opplæring i Stad kommune. 

Integreringstenesta har hovudkontor i lærings- og aktivitetssenteret (LA-senteret) på Langeland, Nordfjordeid.


Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming knytt til ventestønad og tiltak i introduksjonssprogrammet
  • Bidra til vedlikehald og oppdateringar i fagsystemet
  • Kartlegge og dokumentere i fagsystem
  • Undervisning og økonomisk rettleiing i introduksjonsprogrammet
  • Rettleie og følgje opp nye flyktningar i heile kommunen
  • Miljøterapeutisk arbeid
  • Klargjere bustadar og ta imot nye flyktningar som skal busettast
  • Tett samarbeid med programrådgjevarar, vaksenopplæring og burettleiar
  • Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
  • 50% av stillinga er arbeid i turnus: dag, kveld og helg

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskulenivå
  • God kjennskap til relevant lovverk
  • God IKT-kunnskap
  • Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Er fleksibel, tek initiativ og ansvar
  • Er strukturert og arbeider systematisk
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi tilbyr

  • Høve til kompetanseheving og vidareutvikling
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi tilbyr flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga
Stad kommune har 6 månader prøvetid.

Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga!

Kontaktinformasjon

Gro Iren Nedreberg, Einingsleiar Opplæring og integrering, +47 456 01 266, [email protected]


Arbeidsstad

Langelandsåsen 30


6770 Nordfjordeid


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4768070714


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 10.03.2024



Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger