Klepp Kommune

Ringjevikar badevakt i Klepphallen

Område

Kleppe

Publisert

5.6.2026

Søk senest

31.12.2026

Om stillingen

Om stillinga

Bli ein del av teamet i Klepphallen, vi søkjer ringevikarar!

Om stillinga

Ønskjer du ein fleksibel og meiningsfull jobb der du kan kombinere arbeid med studiar eller annan jobb? Klepphallen tilbyr ei unik arbeidsoppleving prega av samhald, tryggleik og fridom. Vi søkjer engasjerte ringevikarar til ulike oppgåver i våre idrettsbygg, med arbeidsoppgåver som badevakt, billettsalg, kundeservice og reinhald i samband med offentleg bading.

Du vil inngå i eit team som har ansvar for tryggleik, hygiene og trivsel for våre badegjester. Som ringevikar vil du vere ein del av vårt faste turnusopplegg med arbeidsøkter på kveld og helg - perfekt for deg som vil ha ekstra inntekt på kveld og helg.

Dersom du er på jakt etter ein jobb der du kan kombinere fleksibilitet med meiningsfullt arbeid, er Klepphallen plassen du bør søkje!

Vi ber om at søkjarar opplyser i søknaden om kor mykje dei ønskjer å arbeide, samt eventuelle avgrensingar i tilgjengelegheit, til dømes kveldar, helger, feriar eller periodar dei ikkje kan arbeide. Dersom du har moglegheit til å arbeide noko på dagtid, ber vi om at dette blir opplyst i søknaden. Det er ein fordel om du kan stille på kort varsel ved behov.

Dette er ikkje ei vanleg stillingsutlysing. Det vil bli sendt ut melding om at søknaden er motteken, men det vil ikkje bli sendt avslag. Kommunen tek kontakt dersom/når det er behov for fleire vikarar.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

31.12.2026

Arbeidsgivar:

Klepp kommune

Stad:

Kleppe

Stillingstittel:

Ringjevikar badevakt

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Vikar

Stillingsprosent:

0

Webcruiter-ID:

5127925506

Sosial deling :

Del på X

Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Billettsal og kundeservice
  • Tilsyn ved offentleg bading
  • Enkel administrative oppgåver
  • Følgje gjeldande HMS-rutinar og arbeidsbeskrivingar
  • Enkle tilsynsoppgåver og etterkvært teknisk drift
  • Reinhald

Kvalifikasjonar

  • Du må bestå ei badevakt prøve, med dykk ned på djupaste del (3,8m) i bassenget. Opplæring vil bli gitt.
  • Grunna arbeidsoppgavene er god fysisk form viktig.
  • Grunnleggende datakunnskaper.
  • Må meistre norsk flytande både skriftleg og munnleg.
  • Den som blir tilsett må kunne leggja fram politiattest jf. Opplæringslova
  • Attester og vitnemål
    Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

  • Du har godt humør, er fleksibel, og ikkje redd for å ta i eit tak
  • Du er trygg i vatn og grunnleggjande symjeferdigheiter
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Bidra til å gjæra kollegaene dine gode og gi kollegastøtte

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid - perfekt for deg som studerer eller har annan jobb
  • Variert og sosialt arbeidsmiljø
  • Variert og meiningsfullt arbeid - bidra til tryggleik og trivsel i lokalsamfunnet
  • Støttande og inkluderande arbeidsmiljø - bli del av eit team som set pris på samhald og samarbeid
  • Moglegheit for personleg og fagleg utvikling - få opplæring og erfaring innan ulike arbeidsområde
  • Gode forsikrings- og pensjonsordninger
  • Gratis parkering
  • Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider

Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.Godt arbeidsmiljø med fokus på fag og trivsel

Adresse: Stasjonsvegen 26A, 4350 Kleppe, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Thor Gunnar Bore

Telefon: +47 99580587

Om arbeidsgivaren

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Tilbake til toppen

Klepp Kommune

Bedrift

Klepp Kommune

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Kleppe

Lignende stillinger

Servicetekniker til vindindustrien – bli med på det grønne skiftet!

Nordex Finland

Fjaler・5.10. - 2.11.

Subsea Pipeline Commissioning

Ikm Gruppen AS

Stavanger・10.10. - 19.10.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS