Gro Anett Espevoll

Ringevikarar

Område

Vindafjord

Publisert

14.8.2026

Søk senest

31.10.2026

Om stillingen

Me søker:

Ringevikarar til Ølen skule og SFO.
Tiltreding snarast. Søknadar blir vurdert fortløpande.

Hovudarbeidsoppgåver:

Me på Ølen skule har behov for deg som kan og har lyst å vera ringevikar på kort varsel. Kanskje er du ein ungdom som har eit friår og ynskjer å arbeida med barn? Eller er du heimeverande av andre årsaker og kunne tenke deg å jobbe med barn og unge i eit trivelig og godt miljø? Det vil vera arbeid knytt til undervisning i klassar, oppfølging av grupper og enkeltelevar og arbeid ved SFO-avdelinga.

Kvalifikasjonar:

  • Det blir krevd politiattest ved alle tilsetjingar.
  • Utdanning innan undervising, barn eller unge er ønskeleg.
  • Du må ha lyst og interesse for å arbeide med barn.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på.
  • Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
  • Må lika å vere i samtale med barn og kunna møta barn i ulike situasjonar som oppstår.
  • Kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kollegaer.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Om Ølen skule:

  • Ølen skule er 1- 10 skule med 280 elevar
  • Ligg sentralt til i Ølen
  • Me har eit aktivt og engasjert personale
  • Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Tilbake til toppen

Gro Anett Espevoll

Bedrift

Gro Anett Espevoll

Søk etter flere lignende stillinger

VindafjordUtdanning

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai16.7. - 30.9.

Procurement specialist / Contract Lead

Ikm Gruppen AS

Stavanger4.9. - 11.9.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS