Om stillingen
Om stillinga
- Me treng ringevikarar til våre kommunale bygg, ved sjukefråvær og feriar, gjennom heile året.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald ved våre skular, barnehagar, Osterøytunet, Familie og omsorgssenteret, biblioteket, Samlokaliseringsbygget, rådhuset, Lonevåg legesenter og Valestrand legesenter.
Kvalifikasjonskrav
- Ingen spesielle krav til kompetanse, men erfaring er ein fordel. Det vert gjeve opplæring.
Kven er du?
- Forstår og kan gjere deg forstått på norsk
- Har gode samarbeidsevner, men samtidig kan vere sjølvstendig
- Det er ein fordel med sertifikat og at du disponerer bil
- Likar å vere i aktivitet
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Osterøy Kommune
BedriftOsterøy Kommune
Vis flere jobber for denne bedriften

