Om stillingen
Om stillinga
Her kan du søkja om å vere ringevikar ved Masfjorden sjukeheim. Masfjorden sjukeheim ligg på Hosteland i Masfjorden, og har 32 sengeplassar. Me ser etter deg som kan arbeide når våre fast tilsette er borte frå arbeid, for eksempel ved sjukdom, permisjonar og i feriar.
Kort om stillinga
Som ringevikar forpliktar du deg ikkje til ei fast arbeidstid eller arbeidsmengde, men du avtaler ledige vakter som passer for deg. Ein ringevikaravtale er berre forpliktande for dei vaktene du har avtalt. Dersom du er interessert i spesielle stillingar med fast arbeidstid må du følgje med på nettet og søkje konkrete stillingar som vert lyst ledige.
Me ser etter deg som
- Har helsefagleg utdanning, eller
- Er elev/student og ynskjer ekstraarbeid
- Ikkje har utdanning, men som har erfaring/interesse for arbeid på sjukeheim
Du må
- Vere påliteleg, arbeidssom og sjølvstendig i ditt arbeid
- Vere fleksibel og kunne samhandle godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Snakke og forstå norsk godt (har du eit anna morsmål enn norsk er kravet B1)
Me kan tilby
- Ein interessant og utfordrande jobb saman med dyktige kollegaer
- Ein arbeidsplass der du får utvikle gode haldningar til arbeidet
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Søknad og tilsetjing
Me har ikkje søknadsfrist, og vurderer søkjarane fortløpande etterkvart som søknadene kjem inn.
Politiattest
I tråd med helsepersonellova vert det stilt krav om godkjend politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
Masfjorden Kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 28.1.2025Gartnertekniker
Færøerne - Búnaðarstovan - Publisert 28.1.2025Resource Manager EM (Engineering Management)
Asker - Barona Norway - Publisert 7.2.2025Spare Parts Coordinator
Moss - Barona Norway - Publisert 7.2.2025Aftermarket Manager
Stavanger - Barona Norway - Publisert 7.2.2025