Tone Mette Lorgen Johnsen

Rettleiar ved Nav Giske

Område

Giske

Publisert

26.2.2026

Søk senest

12.3.2026

Om stillingen

Vi søkjer rettleiarar som ønskjer å vere med å løyse Nav sitt viktige samfunnsoppdrag

Nav Giske har ledig to stillingar som rettleiar, ei fast 100 % stilling og eit vikariat i 100 % stilling. Begge stillingane er ledige frå snarast, og vikariatet gjeld t.o.m. 30.04.2027. Oppgi i søknaden om du er aktuelle for begge stillingane eller ikkje. 

Som rettleiar hos oss vil ein viktig del av jobben vere å motivere og hjelpe brukarar til å finne jobbmoglegheiter og aktuelle tiltak for å kome i eller stå i arbeid. Arbeidet inneber også saksbehandling og forvaltningsoppgåver etter ulike lovverk. Stillinga omfattar både kommunale og statlege oppgåver, og alle tilsette deltek i  bemanning av publikumsmottaket.

Nav Giske er lokalisert i rådhuset på Valderøya og tilbyr tenester til om lag 8 800 innbyggjarar. Kontoret har 15 engasjerte medarbeidarar og eit god fagmiljø. Verksemda er utviklingsorientert med høge ambisjonar og sterk vekt på brukarinvolvering og samhandling. Gjennom vårt arbeid bidreg vi til inkludering, deltaking og ein velfungerande arbeidsmarknad.

I tillegg til formell kompetanse blir det lagt vekt på motivasjon, personlege eigenskapar og at ein ellers er skikka for stillinga.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast inn i lag med søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling i tråd med lovverk innanfor Nav sine kommunale og statlege ansvarsområde.
  • Oppfølging, rettleiing og motivering av brukarar med fokus på arbeid, meistring og inkludering i arbeidslivet.
  • Gi råd og rettleiing, også innan økonomi.
  • Skape gode relasjonar og samarbeid med lokalt næringsliv og andre samarbeidspartnarar.
  • Ta del i kontoret sine fellesoppgåver og publikumsmottak.

Nav-kontoret er i stadig endring og utvikling, og ein må rekne med endringar i arbeidsoppgåver ut frå hehov. 

Kvalifikasjonar

  • Fullført utdanning tilsvarande bachelor eller master. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Rettleiingskompetanse frå studiar og/eller praksis.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, minimum B2 nivå.
  • God digital kompetanse og evne til å raskt sette deg inn i nye fagsystem.
  • God relasjonskompetanse.

Det er i tillegg ønskeleg at du har:

  • Forståing av Nav si rolle i samfunnet.
  • Grunnleggjande privatøkonomisk forståing.
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid.
  • Kjennskap til næringslivet og kunnskap om arbeidsmarknaden i vårt område.
  • Erfaring frå saksbehandling og tolking av lovverk, gjerne frå offentleg forvaltning.
  • Sertifikat for bil, klasse B.

Personlege eigenskapar

  • Du er god på relasjonsbygging og har evne til å skape kontakt og motivasjon hos brukarar som er i ein vanskeleg livssituasjon.
  • Du er ein trygg, tydeleg rettleiar som tør å utfordre og evnar å gjennomføre.
  • Du har evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og resultatorientert i tråd med verksemdplan og øvrige styringssignal og er opptatt av god kvalitet.
  • Du er opptatt av å bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Du er fleksibel og omstillingsvillig.
  • Du har gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg.
  • Du evner å jobbe heilskapleg innafor eit breitt spekter av oppgåver.

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde.
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagleg arbeidsmiljø.
  • Aktive og engasjerte medarbeidarar.
  • Moglegheit for eigenutvikling og stor påverknad.
  • Fleksitidsordning.
  • Løn og tilsetting på kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Tone Mette Lorgen Johnsen, leiar Nav Giske, +47 95872214

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5086119653
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 12.03.2026

Tilbake til toppen

Tone Mette Lorgen Johnsen

Bedrift

Tone Mette Lorgen Johnsen

Søk etter flere lignende stillinger

GiskeKontor og økonomi

Lignende stillinger

Kopier – Barona AS søker elektrikere

Barona

Drammen20.4. - inntil videre
Ny
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS