Cathrine Seim-Haugen

Rettleiar

OmrådeVoss
Publisert8.12.2025
Søk senest5.1.2026

Om stillingen

Nav Voss og Hardanger omfattar kommunane Voss, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Kvam og Vaksdal. Denne stillinga er knytt til Nav Voss og inngår i det regionale sykefråværsoppfølgingsteamet i Nav region Voss og Hardanger. Arbeidet har som hovudmål å bidra til redusert sjukefråvær og styrka arbeidsinkludering gjennom målretta oppfølging av brukarar. Oppfølginga skjer i hovudsak digitalt, men noko reising må påreknast.

Hos oss får du meiningsfulle oppgåver, tett samarbeid med sjukemeldte, arbeidsgjevarar og helsetenesta – og høve til å bidra til at fleire kjem tilbake i arbeid. Du blir ein del av eit kompetent og engasjert team som jobbar målretta for å skape gode prosessar som fremjar meistring og inkludering. Arbeidskvardagen i Nav er prega av hyppige endringar, og det er viktig at du er fleksibel og tilpassingsdyktig i møte med nye oppgåver og arbeidsmetodar. Hos oss får du ein variert og utviklande arbeidsdag med stor betydning for både enkeltpersonar og samfunn. Oppfølginga skjer i hovudsak digitalt, men noko reising i regionen må påreknast.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukefråværsoppfølging, primært digital oppfølging 
  • Kartleggje den enkelte sine ressursar og moglegheiter 
  • Rettleie, motivere og leggje til rette for at brukarar skal komme i arbeid 
  • Planleggje, koordinere og leie møter der mottakarar av sjukepenger, arbeidsgivar og helsetenesten deltek
  • Bruke relevante tiltak og verkemiddel for arbeidsinkludering
  • Gjere vurderingar, saksbehandle og dokumentere med utgangspunkt i aktuelt lovverk som folketrygdlova, forvaltningslova og Nav-lova
  • Delta i mottaksteam i lokalkontoret

Kvalifikasjoner

  • Utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan fagområde som helse, sosial og samfunnsfag. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning
  • Kompetanse innanfor rettleiing
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Førarkort klasse B

Det er ønskeleg at du har:

  • Relasjonskompetanse 
  • Erfaring frå oppfølgingsarbeid 
  • Erfaring med saksbehandling og god forståing av å jobbe etter gjeldande lovverk
  • God kjennskap til arbeidsmarknaden i region Voss og Hardanger

Vi ser etter deg som har desse eigenskapane

  • Er ein god relasjonsbyggar
  • Jobbar strukturert, kan dokumentere løpande og veksle mellom ulike arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel. Sidan endringar i Nav skjer hyppig treng vi at du taklar uføreseielege hendingar og endringar i arbeidsoppgåver
  • Har indre motivasjon for å hjelpe menneske i ulike livssituasjonar

Vi tilbyr

  • Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Eit triveleg arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
  • Spennande oppgåver i møte med sjukemeldte, helsetenesta og arbeidsgjevarar
  • Fleksitidsordning
  • Moglegheit for heimekontor
  • Tilsetting i stillingskode 1434 Rådgjevar med lønnspenn frå kr. 622.000 til kr. 658.400 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse

Lei meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Cathrine Seim-Haugen, Avdelingsleiar , +47 91393284, [email protected]

Arbeidssted

Gurid Almenningens Plass 1
5700 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5049890680
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2026

Cathrine Seim-Haugen

BedriftCathrine Seim-Haugen

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt

Test Engineer

Boresight And Alignment Solutions AS

Asker19.1. - 26.2.
Ny