Om stillingen
Om stillinga
Stillinga som rektor ved Matre skule er ledig frå 01.03.2025.
Matre skule er ein 1-10 skule med om lag 50 elevar skuleåret 2024/2025. Leiarressursen er delt på rektor og inspektør, men kan bli justert. Skulen har merkantil tilsett i 50 % stilling.
Rektor har oppvekstleiar som næraste overordna. Dei tre rektorane i Masfjorden utgjer kommunen si rektorgruppe. Rektor deltek i tverrfagleg samarbeid med andre tenester i tillegg til samarbeid med barnehagestyrar i Indre Masfjorden barnehage.
Rektor er skulen sin administrative- og pedagogiske leiar og har ansvar for fag og utviklingsarbeid, samt personale og økonomi ved Matre skule og SFO. Skulen er i eit tett samarbeid med Fensfjorden PPT og dei kommunane som er knytt til dette samarbeidet, mellom anna i utviklingsarbeid.
Symjebassenget for Masfjorden vert nytta av elevar og barn i barnehage i skuletida og av lag og organisasjonar etter skuletid. Det ligg eit koordineringsansvar for bassenget på rektor ved Matre skule.
Me søker
- Brei undervisningspraksis og røynsle/interesse for leiing av ein skule
- Kunnskap om skuleutvikling og evne til nytenking og kunne vere ein pådrivar i dette arbeidet
- Gode samarbeidsevner og som ynskjer å gjere ein forskjell
- Fokus på trygt og godt læringsmiljø
- Arbeide for eit godt arbeidsmiljø for tilsette, der personalet sine sterke sider vert nytta
- Kunne nytte digitale verktøy
- Dei nødvendige formelle kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagte.
Me tilbyr
- Leiarutvikling og nettverk
- Erfarne medarbeidarar
- Eit godt læringsmiljø
- Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
- Gode løns- og arbeidsvilkår etter avtaleverket og nærare avtale
Anna
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- Stillinga er ledig frå 01.03.2025. Tiltreding etter avtale.
- For tilsetjing i barnehage og skule, vert det stilt krav om politiattest
Slik søkjer du:
Du søker elektronisk via "send søknad" på denne sida.
Masfjorden Kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 28.1.2025Gartnertekniker
Færøerne - Búnaðarstovan - Publisert 28.1.2025Field Service Coordinator
Moss - Barona Norway - Publisert 8.2.2025Strategic Purchaser
Rubbestadneset - Barona Norway - Publisert 8.2.2025Utvikler
Bergen - Tryg Forsikring A/s - Publisert 8.2.2025