Knarvik vidaregåande skule

Rektor

OmrådeAlver
Publisert27.2.2025
Søk senest17.3.2025

Om stillingen

 Vil du setje retning og bidra med å utvikle framtidsretta vidaregåande opplæring?

Vestland fylkeskommune søkjer ein engasjert, utviklingsorientert og tydeleg rektor for Knarvik vidaregåande skule. Rektor må ha evne og vilje til å vidareutvikle skulen og kvaliteten i opplæringa. Vi har som ambisjon og målsetjing at alle elevar som tar til i vidaregåande skule skal fullføra, og at opplæringstilbodet heile tida vert forbetra.

 Knarvik vgs har omlag 900 elevar og om lag 170 tilsette.  

Skulen tilbyr studiespesialiserande utdanningsprogram, bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, TAF/YSK-modellen, tilrettelagt opplæring, påbygging til generell studiekompetanse og vaksenopplæring. 

 Knarvik vidaregåande skule legg til rette for ein aktiv skulekvardag i eit fargerikt og spennande miljø med læring og vekst for alle. Skulen spelar ei viktig rolle for, og har eit tett samspel med næringslivet i regionen. 

Det er forventa at rektor er ein aktiv bidragsytar og vil medverke til å oppfylle samfunnsoppdraget: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland.  


Arbeidsoppgåver

  • Utvikle skulen i samsvar med mål og visjon for skuleeigar
  • Sikre eit trygt og godt skulemiljø og god medverknad frå elevane 
  • Sikre eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette, fagleg utvikling, god medverknad og kulturbygging 
  • Vidareutvikle leiargruppa som eit samla og effektivt team 
  • Leie strategi- og utviklingsprosessar 
  • Leie skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid og kompetanseutvikling  
  • Personalleiing  
  • Utvikle samhandling med rettleiingstenesta  
  • Ivareta medverknad mot arbeids- og næringsliv, opplæringskontor og andre samarbeidspartar 
  • Økonomistyring 

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 17-2. Leiing 

Skolen skal ha ei leiing som er fagleg, pedagogisk og administrativt forsvarleg. Ein skole skal leiast av ein rektor. Rektoren skal ha pedagogisk kompetanse, ta del i den daglege verksemda og arbeide med utviklinga av verksemda. Ein rektor kan leie fleire skolar. 

  • Det er ønskjeleg at du:  
    har gode leiareigenskapar, relevant leiarerfaring og leiarutdanning 
  • set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid 
  • byggjer eit sterkt fagleg profesjonsfellesskap og ein verdibasert kultur som heile tida søkjer vidare utvikling 
  • vidareutviklar godt arbeidsmiljø og ytringsklima for tillit og samhandling 
  • har god kjennskap til vidaregåande opplæring og relevant erfaring   
  • markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet og arbeider heilskapleg og forpliktande saman med lokalt arbeidsliv  
  • opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomfører politiske og administrative vedtak 
  • har praksis frå utviklingsarbeid og god gjennomføringsevne 
  • forståing for god økonomistyring

Erfaring utanfor opplæringssektoren kan ōg vektleggjast. 

Personlege eigenskapar

Din leiingspraksis er kjenneteikna av at du er  

  • open, nytenkjande og byggjer relasjonar prega av tillit 
  • har evne til å skape tryggleik i krevjande situasjonar  
  • har gode samarbeidsevner og er samlande, sosial og inkluderande  
  • har evne til å arbeide målretta, systematisk og løysingsfokusert 

Vi tilbyr

  • givande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse 
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidrar til fellesskapet 
  • deltaking og fellesskap i rektorkollegiet og leiarutviklingsprogram 
  • løn etter avtale 
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar 

Vestland fylkeskommune legg vekt på godt samarbeid, tett dialog og oppfølging mellom rektorane og avdelingsdirektøren for opplæring og kompetanse. 

Andre opplysningar 
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset godkjent politiattest.

Kontaktinformasjon

Hege Solbakken, partnar ved Bønes Virik, 91104141, [email protected]
Liv K. Braathen, partnar ved Bønes Virik, 48849499, [email protected]

Arbeidsstad

Juvikstølen 9
5916 Knarvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4929541968
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.03.2025

Knarvik vidaregåande skule

BedriftKnarvik vidaregåande skule

Søk etter flere lignende stillinger