Om stillingen
Me har ledig 80 % fast stilling som rekneskapskonsulent i Suldal kommune.
Du vil bli ein del av ein kompetent rekneskaps- og løns- avdeling med 7 tilsette på kommunekassen. Me har gode og moderne løysingar som forenklar og effektiviserer vårt arbeid med rekneskapsarbeid, men ynskjer å utvikla desse videre.
Du vil få ei rolle i arbeidet med kontinuerleg forbetring av prosessar internt i organisasjonen.
Me ser etter ein person som har høgare økonomisk utdanning og som kan være med å ta eigarskap knytt til effektivisering av rutinar og system, der digitalisering spelar ei sentral rolle.
Dine arbeidsoppgåver:
- Være ansvarleg for innfordring av kommunen sine uteståande krav med tilhøyrande sakshandsaming
- Ansvar og forvaltning av kommunen sine utlån
- Rekneskapsarbeid frå A - Å
- Bidra i periode- og årsavslutning og gje grunnlag for økonomisk rapportering
- Ha ansvar for implementering av nye prosessar og rutinar innan ansvarsområdet
- Ha ansvar for internkontroll- og kvalitetssikring innan ansvarsområdet
Din kompetanse
- Du har relevant høgare økonomisk utdanning
- Du har erfaring frå løns-/økonomi- funksjon (løn, rekneskap/revisjon eller tilsvarande)
- Du har god kjennskap til avtaleverk, lovar og reglar innan området
- Du har god IT- og systemkompetanse. Gjerne med erfaring frå rekneskapsarbeid og Visma Enterprise.
- Du er oppdatert på relevant teknologi og digitale trendar
Dine personlege eigenskapar
- Du er ansvarsfull, nøyaktig og velorganisert
- Du har pågangsmot og strekk deg langt for å levere på tid og kvalitet
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er utviklingsorientert
- Du er positiv, serviceorientert og imøtekommande
- Du har god kunnskap i norsk, både munnleg og skriftleg
Me kan tilby:
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Faglege utfordringar og eit godt fagmiljø med kompetente kollegar.
- Godt arbeidsmiljø
- Fleksitidsordning
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
- Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentlieggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
- Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her

