Jorunn Sandøy Bjørkum

Reinhaldsoperatør/reinhaldar i 100% fast stilling

Område

Lærdal

Publisert

30.4.2026

Søk senest

24.5.2026

Om stillingen

I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir.

Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn.

Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus.

 

Har du lyst til å vera reinhaldar/reinhaldoperatør i Lærdal kommune? Me har ledig ein 100% stilling som reinhaldsoperatør/reinhaldar, frå 1.august 2026

Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar:

  • Fagbrev innan reinhaldsoperatørfaget eller allsidig røynsle frå reinhaldsfaget
  • Ynskjeleg med førarkort klasse B.
  • Søkjar må kvalifisera til politiattest
  • Søkjar må beherska norsk skriftleg og munnleg.

Arbeidsoppgåver og arbeidstid:

  • Dagleg reinhald i kommunale bygg.
  • Arbeidstid 06.00-13.30

Me tilbyr:

  • Løn i tråd med hovudtariffavtalen i KS, med plassering i garantilønstabell i gruppe 1, basert på utdanning, kompetanse og ansiennitet.
  • Gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP.
  • Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet.
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
  • Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglar og avtaleverk

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her
Tilbake til toppen

Jorunn Sandøy Bjørkum

Bedrift

Jorunn Sandøy Bjørkum

Søk etter flere lignende stillinger

LærdalSalg og service

Lignende stillinger

Kundeservicemedarbeider deltid, KONE Oslo

Kone Norway

Oslo17.6. - inntil videre
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS