Reinhaldsoperatør/reinhaldar
Om stillingen
Vi har ledig 50% fast stilling som reinhaldsoperatør/reinhaldar til praktisk team frå dags dato. Oppgåver er i hovudsak reingjering i private heimar der brukar har ulik grad av funksjonstap og har difor fått vedtak om praktisk bistand. I denne stillinga vil ein møte brukarar i ulike livssituasjonar og med ulike utfordringar. Stillinga er knytt til Volda kommune, eigedom, seksjon reinhald som har base i Prestegata 33, Volda. Arbeidstida er på dagtid i vekedagar, for tida tre dagar i veka.Arbeidsoppgåver
Pratisk bistand er ei teneste til personar som har behov for hjelp til dagleglivets gjeremål. Tenesta skal bidra til at brukarane skal kunne bu heime så lenge som mogleg. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak reingjering i private heimar, ut frå vedtak og tiltaksplan som den enkelte brukar har fått. Ein kan også bli tildelt andre oppgåver innan reinhald.Kvalifikasjonar
Vi treng ein kompetent og erfaren medarbeidar som kan utføre reinhaldsoppgåver i brukar sin heim i tråd med enkeltvedtak.
- Fagbrev som reinhaldsoperatør. Lang og relevant erfaring kan kompansere for manglande utdanning
- Gode norkskunnskaper munleg og skriftlig, tilsvarande nivå B1
- Søkarar må vere minimum 18 år. Du må ha forarkort klasse B, moglegheit for å kunne bruke eigen bil i arbeidet mot godgjersle
- Kunne bruke digitale verktøy
- Tilfredsstillande politiattest er ei forutsetting for ansettelse. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men leverast snarast etter tilbod om ansettelse og før ein tiltrer i stillinga.
Personlege eigenskapar
- Pliktoppfyllande og punktleg
- Nøyaktig, strukturert og effektiv
- Serviceinnstilt og god kommunikasjon
- Kunne jobbe sjølvstendeg og i team
Vi tilbyr
Lønn etter gjeldande regultativ.
Referansar vil verte nytta.
Opplæring blir gitt.
Prøvetida er 6 mnd.
Kontaktinformasjon
Wenche Skjærvik, Driftsleiar ReinhaldArbeidsstad
Prestegata 336100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4904501227
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 10.02.2025
Søknadsfrist: 24.01.2025
Reinhald, Volda kommune, Eigedom
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
API Architect
Kongsvinger - Ponsse AS - Publisert 12.2.2025Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 28.1.2025Gartnertekniker
Færøerne - Búnaðarstovan - Publisert 28.1.2025LABOUR LAWYER NORWAY
Gardermoen - Barona Norway - Publisert 13.2.2025District Manager
Oslo - Barona Norway - Publisert 13.2.2025