Om stillingen
Om stillinga
Me har ledig fast 100% stilling som reinhaldar frå snarast. Vi søker etter deg som ønsker å vere med på laget, og bidra til reinhald og drift av Aurland kommune sine kommunale bygg.
Reinhald er organisert i kommunalområde samfunnsutvikling i avdeling teknisk drift. Kommunalområdet omfattar òg avdelingane forvaltning samt brann og beredskap.
Reinhaldsavdelinga har 11 faste tilsette. Arbeidet vert organisert av fagleiar for reinhald.
Arbeids- og ansvarsområde
Arbeidsleiar reinhald er næraste leiar. Du får ansvar for eitt eller fleire faste bygg, men må vere villeg til å utføre reinhaldet andre stadar.
Desse arbeidsoppgåvene ligg til stillinga:
- dagleg reinhald av kommunale bygg
- periodisk reinhald og golvbehandling
- bidra til godt inneklima
Me tilbyr
- Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter tariff
- tilbod om minimum 6 års tilleggsansiennitet for fagbrev
- fleksitidsordning
- gratis inngang til trimrommet og bassenget i Aurlandshallen (mellombels velferdstiltak)
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- eventuell informasjon om ledige stillingar til partar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
- frist til å søke barnehageplass for neste barnehageår er 15. mars. For meir informasjon fyl lenka: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
- fagbrev innan reinhald
- relevant erfaring kan erstatte fagbrev
- har gode personlege eigenskapar kan vi vurdere tilsetjing utan fagbrev og erfaring
Personlege eigenskapar
Me ynskjer du har desse eigenskapane:
- har interesse for reinhaldsfaget
- er serviceinnstilt
- er til å stole på
- ergod på praktisk problemløysing
- er sjølvstendig
- har gode samarbeidsevner
- har godt humør og "stå på" vilje
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovver, reglement og tariffavtale.
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- førarkort for personbil, klasse B
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
NB! Vi overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
May Helen Andreassen Sverdrup
Bedrift
May Helen Andreassen Sverdrup

