Om stillingen
Radiologisk avdeling i Haugesund søkjer etter radiografar i 100% stilling, med tilsetjing snarast/etter avtale.
- Fast stilling i tredelt turnus
- Fast dagstilling på mammografi
Radiologisk avdeling i Haugesund har røntgen, CT, MR, ultralyd, mammografi, intervensjonsradiologi og nukleærmedisin
Skriv i søknaden kva for ei stilling du søkjer på.
Arbeidsoppgåver:
Turnusstilling:
- Tredelt-turnus i årsplan
- Rullering på dei fleste modaliteter på dagtid
Mammografistilling:
- Dagstilling på Brystdiagnostisk senter
- Må vere villig til å rullere på andre modalitetar når det er lågproduksjon
- Vere med på mammografibussen
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Erfaring med klinisk mammografi og mammografiscreening blir føretrekt for mammografistillinga
- Radiografer med fagleg interesse for mammografi og som ønskjer opplæring på mammografi kan bli vurdert
- Radiografar med arbeidserfaring med CT blir føretrekt for turnusstillinga
- Videreutdanning i fagområdet er ein fordel
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
- har motivasjon og interesse for fagfeltet
- har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- er punktleg og påliteleg
- greier å få fram det beste i dine kollegaer
- har evne til å kunne prioritere, vere tydelig og ta avgjerdsler
- kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
Personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Vi tilbyr:
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Kontaktinformasjon
Elin Hetland, Funksjonsleiar, +47 52732273, [email protected]Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5041254556
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.12.2025
Elin Hetland
BedriftElin Hetland

