Gudrun Einbu

Rådgjevar/seniorrådgjevar

OmrådeSogndal
Publisert16.12.2025
Søk senest11.1.2026

Om stillingen

Vil du vere med å utvikle kollektivtilbodet i Vestland? I Skyss jobbar vi med å tilpasse kollektivtilbodet til reisebehovet, og å gjere tilbodet mest mogleg tilgjengeleg og effektivt. For å oppnå dette er det behov for riktig infrastruktur for både buss, bybane, ferje og båt. Vi samarbeider med plan- og vegmynde, grunneigarar og eigedomsforvaltarar for å oppfylle samfunnsoppdraget vårt: Å utvikle eit berekraftig mobilitetssystem for innbyggarar og samfunn i Vestland. 

Vi treng fleire med på laget for å sikre infrastrukturen for kollektivtransporten i Vestland! Hos oss vil du bli del av eit mangfaldig fagmiljø. Oppgåvene inneber mellom anna å gi innspel til arealplanar, bidra til å utvikle gode knutepunkt for dei reisande og sikre effektive løysingar for framkomst og logistikk. Vi samarbeider med mange innanfor og utanfor Skyss og fylkeskommunen for å realisere berekraftige infrastrukturløysingar for mobilitetssystemet. Difor søker vi deg som evnar å tenke heilskapleg, har god prosessforståing og ønsker å bidra til gode kvardagsreiser for alle som bur og reiser i Vestland.


Arbeidsoppgåver

Som rådgjevar for infrastruktur hos oss vil du jobbe med kollektivinfrastruktur på land og på sjø. Sentrale oppgåver vil vere å:

  • arbeide med forslag til infrastrukturtiltak som styrker kollektivtrafikken si konkurranseevne
  • bidra med kompetanse innan arealbruk, logistikk og kollektivinfrastruktur i strategisk arbeid og inn i planprosessar
  • bidra i utgreiing og planlegging av kollektivtilbodet
  • arbeide konkret med utforming av knutepunkt, bussanlegg, kaiinfrastruktur og veginfrastruktur rundt omkring i fylket
  • vere bindeledd for involvering av sjåførar og mannskap for gode, praktiske løysingar.

Du vil utføre oppgåvene dine i samarbeid med kollegaer og fleire fagmiljø i Skyss. Vi har også mange grensesnitt mot andre delar av Vestland fylkeskommune, kommunane, ulike leverandørar, innbyggarar med fleire. Noko reising kan vere naudsynt. Du vil ha ei koordinerande rolle både internt i Skyss og mot andre interessentar.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande, frå relevant fagområde (til dømes areal- og samfunnsplanlegging, fysisk planlegging, logistikk eller transportinfrastruktur). For å meistre og trivast i jobben må du ha god skriftleg og munnleg formidlingsevne og god prosessforståing.

I tillegg er det fint om du har

  • erfaring med relevante planprosessar og/eller infrastrukturplanlegging
  • god forståing for interessenthandtering og dialogprosessar
  • evne til å sette deg inn i den operative drifta av tenestene våre
  • kjennskap til distrikta i vestlandsregionen og
  • kjennskap til offentleg forvalting.

Personlege eigenskapar

Vi treng deg som

  • vil bidra til berekraftig utvikling av bygd og by
  • er nysgjerrig og arbeider faktabasert og systematisk
  • har evne til strategisk planlegging, pågangsmot og er opptatt av å sjå resultat
  • trivst med tverrfagleg samarbeid og deling av kunnskap, og
  • bidrar til det gode arbeidsmiljøet.

Vi tilbyr

Hos oss i Skyss kjem du inn i eit sterkt fagmiljø og eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad. I tillegg tilbyr vi

  • moglegheit til å utvikle deg fagleg
  • gode og stabile arbeidstilhøve gjennom Vestland fylkeskommune
  • fleksibel arbeidstidsordning og løn etter avtale
  • gode, offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • arbeidsstad i Bergen eller Leikanger

Andre opplysningar:

  • Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Vi gjer merksam på at i høve til offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bede om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Einar Aalen Hunsager, leiar faggruppe tilbodsutvikling, 40916229, [email protected]
Gudrun Einbu, leiar avdeling transporttilbod, 99158084, [email protected]

Arbeidsstad


5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5042495727
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.01.2026

Gudrun Einbu

BedriftGudrun Einbu

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt