Rådgjevar /nestleiar for kommunalsjef helse og velferd
Om stillingen
Kinn kommune søker ein strategisk og utviklingsorientert nestleiar som skal støtte kommunalsjefen for Helse og velferd i ei spennande og viktig rolle. Som nestleiar vert du ein sentral del av leiargruppa i sektoren, og får høve til å påverke utviklinga av tenestene til innbygggarane våre. Du vil ha eit særskilt ansvar for oppfølging av kvalitetsutvikling, leiing av utviklingsprosjekt og økonomioppfølging. Nestleiaren er støtte til tenestane ved tilsyn.
Vi ser etter deg som har god forståing for offentleg forvaltning, sterke leiaregenskaper, og engasjement for samfunnsutvikling og opptatt av gode kostnadseffektive tenester.
Arbeidsoppgåver
Som leiar er du hovudansvarleg for god omdømebygging og å sikre at kvaliteten på tenesta som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Kinn kommune har satt. Ein viktig og overordna del av arbeidet er støtte og oppfølging av tenesteleiarane i helse og velferd, samt
vere stedfortreder for kommunalsjefen ved fråvær.
- Bidra til strategisk utvikling og oppfølging av sektorenes mål og planar
- Leie og koordinere utviklingsarbeid og prosjekt
- Følge opp økonomi, analyse og rapportering
- Vere ein fagleg ressurs og sparringspartner for komunalsjef og tenesteleiarar
- Delta i arbeid med organisasjonsutvikling, digitalisering og kvalitetsarbeid
- Samarbeide tett med både interne og eksterne aktører
Kvalifikasjonar
- Minimum 3 årig høgskule eller universitetsutdanning innan helse og omsorgsfag
- Du må ha leiarerfaring frå offentleg sektor, og det er ynskjeleg med vidareutdanning i leiing
- God kjennskap til kommunal verksemnd og forvaltning
- Du må ha god datakompetanse, og kunne bruke våre fagsystem som er Cos Doc ,RS, Framsikt, Compilo, Visma og WebSak.
- Erfaring med prosjektleiing, endringsprosessar og utviklingsarbeid
- Gjerne erfaring og kompetanse i tverrfagleg samarbeid og teamarbeid.
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Er lojal og har evne til å gjennomføre politiske og administrative avgjerder
- Samarbeidsorientert med gode relasjonelle evner
- Strukturert, sjølvstendig og løysningsorientert
- Tåler høgt arbeidspress og komplekse problemstillingar
- Motiverande og støttande leiarstil
- Har gode kommunikasjonsevner og sosial kompetanse.
- Likar endring og er god på å leie gjennom endringsprosesser
- Kan jobbe sjølvstendig
- Er fleksibel, kreativ, nytenkjande
- Likar å ha ansvar, tek ansvar og ansvarleggjer leiarane
Vi tilbyr
- Ei spennaande rolle med høve til påverknad
- Eit engasjert og kompetent leiarteam
- Nettverk i lag med kommunalsjef og 15 leiarane i helse og omsorg.
- Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag.
- Mogleighet for fagleg og personaleg utviklingLøn etter avtale
- God pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
Kontaktinformasjon
Norunn Stavø, Kommunalsjef helse og velferd, +47 41536120, [email protected]Arbeidsstad
Gate 1 646700 Måløy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5018436886
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025

